Målklubben

Målklubben til Os Fotball er ei støtteordning som gjev trufaste supportarar - bedrifter og privatpersonar, moglegheit til å støtte klubben med eit fast beløp for kvart mål dame- og herrelaget skårar i årets sesong!

Registrer deg i målklubben her

Minstebeløp per mål er 5 kr - ellers er det valfritt kor mykje ein vil støtte, eksempelvis 10 kr, 15 kr, 20 kr osv. Det blir ein spesiell sesong med halvering av antall kampar for både dame- og herrelaget, slik at målklubben i år vil gjelde for begge seniorlaga våre. Det vil seie at ein i målklubben støtter alle mål dame- og herrelaget skårer. For eksempel, skårar damelaget 4 mål og herrelaget 3 mål, får ein rekning på 7 mål. Støttar ein med 10 kr per mål blir det altså 70 kr på ein måned.

Alle medlemmer får liveoppdatering på sms under kamp og er tillegg med i trekninga eit gåvekort på 1000 kr hos samarbeidspartnaren vår Sport Norge!

Beløpet du ynskjer å støtte klubben med blir trekt etter endt måned.

Tusen takk for støtta - me set stor pris på ditt bidrag!

Heia Os!

Annonse: