Kioskprosjektet

I samarbeid med gode støttespelarar er klubben godt i gang med bygging av ny kiosk, sosialrom og toalett. Dette blir eit kjempeløft for alle på Kuventræ! Fylg prosessen på sosiale medier, samt på denne sida.

- Dette blir fantastisk! Me har lenge hatt planar om å oppgradere kiosken, så har det no utvikla seg til å bli eit utrulig kult fellesprosjekt med mange av samarbeidspartnarane våre.

— Endre Brenne, dagleg leiar.

Kiosken er ein fantastisk møteplass for alle våre medlemmer og besøkande. Den har vore sentral i alle våre arrangement, og eit bindeleddet mellom spelarar, supportarar og frivillige. I samarbeid med god støttespelarar er me no godt igang med å oppgradere kiosken vår med større lokaler, toalettfasiliteter og sosialrom i 2.etasje - til glede for alle med tilknytning idrettsanlegget vårt!

- Det blir eit storstilt bygg med ny kiosk, toaletter for herrer, damer og personer med nedsatt funksjonsevne, og eit flott sosialrom i 2.etg. med panoramautsikt utover anlegget, seier dagleg leiar Endre Brenne før han fortsetter.

- Dette har vore ein veldig positiv prosess mellom klubben og næringslivet. Me har verkeleg med oss ein rå gjeng med fantastiske lokale entreprenører og samarbeidspartnarar - det er me utruleg taksame for!

Med oss på laget er:
Magnor Vinduet
Leigland Bygg

Vestland Bygg & Entrepenør
Alutec
Fløysand Tak
Sperrevik Elektro
Rørleggermester Stig E Nilsen
Montér Os Byggsenter
Lekven Entrepenør
Lekven Bygg og Eiendom
Johs Sælen og Sønn
Betonggulv
Brødrene Borgen
Ask Transport
CRUX Vindfanget 

Torleif Myrlid er byggeleiar, medan Vestland Bygg & Entreprenør med Helge Heggland har teikna bygget. 
 

Vil du vere med å bidra? 

Dugnad
Me treng dugnadshjelp på kioskbygget. Registrer deg her om du kan bidra: Registrer dugnad

Spleis
Me skal reise bygget på dugnad, og dersom du har moglegheit og ynskjer å støtte det nye bygget er me utruleg takknemleg for det! Me har oppretta ein spleis der alle bidrag settes stor pris på. 

Spleis: Ny kiosk på Kuventræ Tusen takk for bidrag! 

Pantedugnad
I tillegg kan du ta vare på miljøet, og støtte Os Fotball og bygging av ny kiosk, med å delta på pantedugnaden til klubben. Under trappa til klubbhuset er det laga til pantebod der ein kan gje posar med tomflasker. Har du store søpplesekker så tek me gjerne i mot dei og - sett dei i ein garderobe eller utafor døra i klubbhuset. Me ordnar resten!

Me henter også panten heime hos deg om det er eit ynskje! Send mail med adresse og telefon til endre@osfotball.no eller 90724338.

Mål: Ferdigstilling før Eat Move Sleep-cup 

Taktekkarar, elektrikarar, rørleggarar, tømrarar og dugnadsfolk er i full sving med å ferdigstille nybygget. Med god dugnadshjelp er målet å ferdigstille kiosken før Eat Move Sleep-cup 4-5.september og lokalderbyet mot Lysekloster 6.september. Hjelp oss med å nå målet! 

Her kan du sjå biletserie frå prosessen så lang

 

Annonse: