
Jentefotballdagen
Jentefotballdagen er eit felles initiativ mellom klubbane i kommunen for å rekruttere fleire jenter til fotballen, og skape eit attraktivt miljø for jentefotballen i Bjørnafjorden kommune! Flest mogleg, lengst mogleg, best mogleg!
Etter nokre års pause på grunn av pandemien, kunne Os Fotball saman med dei andre fotballklubbane i kommunen endeleg arrangere Jentefotballdagen igjen.
140 jenter i alderen 6-10 år strålte om kapp med sola på jentefotballdag på Kuventræ i slutten av oktober 2023!
Les meir og sjå video her: Jentefotballdagen 2023
VI SER FRAM TIL NY JENTEFOTBALLDAG HAUSTEN 2024!

Jentefotballdagen på Kuventræ i 2014 (Foto: Midtsiden).
Kine Lunde er ein av initiativtakarane til jentefotballdagen. Her er Lunde i full sving rundt jentefotballdagen i 2019 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Jentefotballdagen på Kuventræ i 2019 (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).
Annonse: