Lurane skal svinge seg på ny
Onsdag 11. mars 2026 er det klart for ny kveld med dans, musikk og hygge i Tropehagen – velkomen skal du vere!
Arrangementet er ein fast tradisjon i regi av Os Fotball, og målet er å bidra med aktivitet og fellesskap for dei eldre i bygda. Klubben har i fleire år hatt eit tydeleg samfunnsengasjement, og dansen på Lurane er eitt av tiltaka me set ekstra høgt
Dansekvelden har utvikla seg til å bli eit fast og populært innslag, der målet er å skapa gode opplevingar og fellesskap for dei eldre.
Tidlegare har arrangementet fått svært gode tilbakemeldingar frå både bebuarar og tilsette. I lokalavisa er tiltaket omtalt som «gull for dei eldre», noko som seier mykje om kva slike møte betyr i kvardagen.
Musikk, rørsle og gode møte
Programmet for kvelden vil som vanleg by på livemusikk, dans, quiz og humor. Spelarar og frivillige frå klubben kjem også innom for å bidra til den gode stemninga og for å skapa fine møte mellom generasjonane.
Arrangementet er lagt opp slik at flest mogleg kan delta – enten ein vil svinga seg på golvet eller berre nyta musikken og stemninga.
Os Fotball ser fram til å besøka Luranetunet igjen og håpar på nok ein minnerik kveld for bebuarane.
Vi gler oss!