Velkommen som frivillig i Os Fotball
I Os Fotball får du fine opplevingar, fellesskap og eit miljø for alle. Os Fotball er heldig som har mange initiativrike og ressurssterke frivillige som bidrar for klubben året rundt. Om du òg ynskjer å bidra er du hjertelig velkommen - me har alltid plass til fleire frivillige!
Frivillig innsats er idretten sitt grunnfjell, og Os Fotball er avhengig av frivillige for å gje våre medlemmer eit best mogleg tilbod. Gjennom visjonen vår tryggleik, fotballglede og utvikling for alle, ynskjer me å bygge relasjoner, kontakter og vennskap som varer livet ut. Hos oss kan du bli med på store og små triumfer, skape drømmer og minner og vere med å utgjere ein forskjell for lokalsamfunnet.
Klubben har ein rekke arrangement gjennom året som krev frivillig innsats frå spelarar/føresatte og andre. Me har ei rekkje varierte arbeidsoppgåver som for eksempel drift av kiosk, anlegget, kampavvikling, og ulike tillitsverv, komitéer og utval. I tillegg har me alltid eit stort behov for engasjerte frivillige som trenarar og leiarar til laga våre.
Som frivillig i Os Fotball:
- blir du del av eit inkluderande, positivt og ambisiøst fellesskap.
- kan du vere med å skape drømmer, livslange minner og vennskap.
- kan du utgjere ein forskjell for lokalsamfunnet.
- blir du invitert til sosiale sammenkomster.
Kunne du tenke deg å bidra som frivillig på den eine eller andre måten, tek me gladelig i mot hjelp frå deg! Kontaktinformasjon under.
Tusen takk for all hjelp - saman er me sterke!
Kontakt
-
Marita Kristine Haugland (i permisjon)Frivillighetskoordinator
- Telefon
- 901 07 628
- E-post
- marita
@osfotball.no
-
Endre Ove BrenneDagleg leiar
- Telefon
- 907 24 338
- E-post
- endre
@osfotball.no