Nytt jentetilbod: FFO Jentefotball
Os Fotball har stor glede av å starte opp eit ekstra fotballtilbod for jenter i alderen 2.- 4.klasse.
Påmelding: FFO JENTEFOTBALL
Gjennom FFO Jentefotball ynskjer me å skape ein felles arena for jenter på tvers av skule og alderstrinn, med fokus på fysisk aktivitet og haldningar. Jentetilbodet vil foregå etter skuletid om onsdager, der jentene vil få tilbod om leksehjelp, mat før treningsøkta, etterfulgt av trening med utdanna trenarar – med trivsel, mestring, samhold og utvikling av fotballspelaren og mennesket i førersetet! Me tilbyr transport til Kuventræ når skuledagen er over, og me kan hente på alle skular i Os. Alle deltakarane får i tillegg tilbod om å bestille ein stilig utstyrspakke med treningsklær; genser, bokse, t-skjorte og bag, til ein eigenandel på 100kr.
Praktisk informasjon:
- Dag: onsdager etter skuletid
- Åpningstid: Kl.12.30 – 16.30.
- Pris: 750,- i mnd (+50kr for transport) Ta kontakt om ein treng bistand frå inkluderingsfondet for å delta. Me ynskjer ikkje at det økonomiske er eit hinder for å delta.
Kontakt Marius Mikkelsen på marius@osfotball.no om spørsmål
Velkommen til FFO Jentefotball!