Sparebanken Norge Os Fotball Akademiet

Sparebanken Norge Os Akademiet er eit ekstra fotballtilbod for ekstra ivrige ungdommer i alderen 6.-10. klasse.

PåmeldingPÅMELDING SPAREBANKEN NORGE OS FOTBALL AKADEMIET 2026/2027

 

Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar med utdanna trenarar. Me ynskjer å videreutvikle akademiet og har som mål at tilbodet skal vere eit av dei fremste spelarutviklingstilboda i vår region!

Treningene vil foregå fast laurdag formiddag i tidsrommet kl. 09.00 - 12.15, fordelt på grupper;

Trenerteamet; Endre Brenne, Zsolt Korcsmar, Lars Henrik Bakkerud, Ørjan Håland, Ørjan Sandal, Bjarte Haugsdal og Stian Kvåle er ansvarlege for det sportslege tilbodet.

Sjå film her: https://www.youtube.com/watch?v=Ia4CbdAsLzM

Sparebanken Norge Akademiet starter med en samlinghelg i Strandebarm 15-16. august. Her blir det egenandel (informasjon og pris kommer i egen påmelding)

Sparebanken Norge Os Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane, ynskjer me å vektlegge det fysiske, mentale og sosiale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner, samt ha fokus på haldningar. Me ynskjer blant anna å hente inn ekstern kompetanse til fysisk trening utafor sesong, medan me i sesong vil legge tilrette for 3 til 4 temasamlinger om toppidrett knytt til kosthald, mental trening, rus, MOT, verdival osv. 

Utafor sesong (1.nov-31.mars) vil Akademiet ha fast tilhaldsstad inne i Sparebanken Norge Arena på Søre Neset. I denne perioden vil det i tillegg vere tilrettelagt fysisk økt for alle deltakarar (morgentrening). Det vil bli individuell oppfølging av kvar enkelt spelar med utviklingsmål, samtalar og bruk av videoanalyse

Det vil vere mogleg for 2014-2015 å kombinere akademiet med deltakelse på FFO. 

Oppstart laurdag 23.august (ytterligare info om kor og kva kjem så fort som mogleg). 

Tilbod for alle ivrige gutar og jenter i Bjørnafjorden, Fusa, Tysnes og omegn.

Praktisk informasjon:

MÅNADSPRIS: 
850 kr. pr.mnd. 
1.FFO-dag i tillegg til Akademiet: 25 % Rabatt ( Kr. 1487,5,- i mnd).
2.FFO-dagar i tillegg i veka: 45 % Rabatt ( Kr. 1955,- i mnd). 
Henting til ekstradag FFO: Me henter på alle skular i Os.

Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

SPV Os Fotball Akademiet fylgjer skuleruta til Bjørnafjorden kommune.

Vi bruker i år systemet superinvite til påmelding og betaling for at dette skal bli enklere for både spillere, foreldre og oss i administrasjonen. Her melder du på barna og betaler med et hvilket som helst visa eller kredittkort på noen små minutter. Videre betaler/trekkes du samme sum automatisk hver måned fra det kortet du la inn. 

Annonse: