
10 års-jubileum: Velkommen til fotballfest i tropehagen på Luranetunet
Onsdag 19.mars kl. 17.30 er det duka for årets mest hjertevarme arrangement når Os Fotball inviterer til fotballfest med bebuarane på eldresenteret på Luranetunet. Det blir livemusikk, dansekonkurranse, presentasjon av A-lag kvinner og menn, matservering, quiz og ekte glede! Set av datoen og bli med!
(Film og redigering av John Hauge på arrangementet på Luranetunet for 4 år sidan).
10-årsjubileum
Os Fotball skal aktivt påta seg ansvar utafor klubbens kjernevirksomhet, og årleg arrangere tilsetningar som går samfunnet og mennesker omkring oss til gode. Det står nedfelt i klubbens klubbhandbok, og noko me verdsett høgt - eit av disse arrangementa er dans med dei eldre på Luranetunet!
Det fyrste arrangementet retta mot dei eldre i regi av Os Fotball i nyare tid, var for 10 år sidan, også då med dagleg leiar Endre Brenne i ein av hovudrollane. Moteshow med A-lag kvinner og menn som modellar, etterfulgt av kaffiprat med bebuarane på eldresenteret, var også i sentrum den gang, og sidan har arrangementet også utvikla seg til å i større grad involvere dei eldre med fysisk aktivitet som dans, musikk og quiz. I 2016 inngjekk me eit samarbeid med Os Pensjonistforening, og i 2018 fekk me merksemd med prisen "Årets pensjonistpris" for engasjementet for dei eldre på Eat Move Sleep-kickoff på Ullevaal. Les sak her: Midtsiden: Os Fotball heidra på Ullevaal.






I 2018 var det nye fantastiske eldresenteret Luranetunet ferdigstilt og fotballgruppa inviterte dermed til fest med dansekonkurranse, livemusikk og quiz for bebuarane i sydenstemninga i Tropehagen - til stor suksess!
Under koronapandemien blei arrangementet satt på pause nokre år, men til enorm glede for oss og dei eldre på Luranetunet, var me tilbake i Tropehagen i 2024. 19.mars er det duka for ny fotballfest i tropehagen!
Fotballfest i Tropehagen 2025
Tid: 19.mars kl. 17.30
Program:
- Livemusikk og "skal vi danse"-konkurranse.
- Presentasjon av Os A-lag kvinner og herrer.
- Quiz.
- Servering av mat og drikke.
Ingen påmelding - berre å møte opp!
Hjertelig velkommen!






