2Stabilise blir draktsponsor

2Stabilise aukar engasjementet til å bli draktsponsor, og vil dei neste åra vere med å pryde dame- og herrelaget sine drakter!

- 2Stabilise er nytenkjande og fremoverlent, og me deler mykje av dei same verdiane. Me er veldig glade for at dei vil auke engasjementet til å bli draktsponsor dei neste 3 åra, seier dagleg leiar Endre Brenne.

2Stabilise leverer stabiliseringsprodukt til plattformer i oljebransjen – såkalla polyuretanbaserte stabiliseringsløysingar. Grunnlegger og konsernsjef i selskapet, Kjell Bjørnar Størksen, har spesialisert seg innan polyuretanbaserte stabiliseringsløysinger sidan 1999, og er rekna som ein pioner innan feltet. Størksen har fått med seg ei handplukka gruppe medarbeidarar som også har mykje erfaring med stabiliseringsløysingane. 

Trygg til trening med 2Stabilise

2Stabilise jobbar til dagen med å gjere arbeidskvardagen i oljefeltet tryggare, no vil selskapet auke tryggleiken i vintermørket til trening! Som for nokre år sidan har 2Stabilise levert reflekser til alle medlemmane våre. Alle lag vil få utdelt reflekser i klubbhuset (det kjem informasjon til lagledere). Bruk refleks, me har ingen å miste! 

Me er takksame for støtta og ser fram til eit godt samarbeid vidare med 2Stabilise!

Les meir om vår nye draktsponsor her: 2Stabilise

IMG_5757.jpg
Trygg til trening med 2Stabilise (bilete er henta frå sist 2Stabilise sponsa refleks til alle våre medlemmer).
2Stabilise.jpg

 

Annonse: