3 nye år med Bergen Marinesenter
Bergen Marinesenter forlenger og styrkjer samarbeidet med Os Fotball
Bergen Marinesenter har beslutta å forlengja og samstundes auka engasjementet sitt i Os Fotball!
Avtalen er eit tydeleg uttrykk for ønskjet til Bergen Marinesenter om å støtta ein aktør som skaper engasjement, fellesskap og varige minne – både på og utanfor bana. Dagleg leiar i Bergen Marinesenter, Ståle Børnes, trekkjer fram miljøet rundt fotballen på Kuventræ som ei viktig årsak til avgjerda.
– Sjølv om eg ikkje er den mest fotballinteresserte i utgangspunktet, har eg vorte meir og meir engasjert i livet på Kuventræ. Det er noko heilt eige med miljøet rundt Os Fotball – det handlar om langt meir enn berre det som skjer på bana, seier han.
Han framhevar særleg dugnadsånda og fellesskapet i klubben.
– Eg elskar dugnadsånda og engasjementet som finst på Kuventræ. Dette er verdiar vi i Bergen Marinesenter ønskjer å støtta opp under. Det er imponerande å sjå korleis så mange bidreg for fellesskapet. Os har ein plass til alle – unge som gamle – og det er utruleg viktig.
– Det er alltid god stemning på Kuventræ. Du blir møtt med eit smil, varme menneske og ein god kopp kaffi. Os Fotball er ein viktig møtestad som byggjer fellesskap og samhald – og ikkje minst ein arena der det blir skapt minne for livet.
Om Bergen Marinesenter
Bergen Marinesenter AS er ein veletablert aktør innan kjøp og sal av fritidsbåtar, med spesialisering innan segmentet cabincruiser til storbåt. Selskapet held til sentralt i Bergen, i Vågen, og tilbyr profesjonell rådgjeving gjennom heile salsprosessen – frå verdivurdering og marknadsføring til oppgjer og overlevering.
Sidan etableringa i 2011 har Bergen Marinesenter opplevd solid og kontrollert vekst, med lønsam drift kvart einaste år. Med høg fagkompetanse, sterk lokalkunnskap og fokus på kvalitet i alle ledd har selskapet opparbeidd seg ein solid posisjon i den norske båtmarknaden.
