3 poeng i serieåpningen!
Herrelaget viste speleglede, glød og vinnarvilje, og kunne fortent juble for siger i serieåpningen!
- Eg er verkeleg stolt over gutane. Me legg ned ein enorm laginnsats, er periodevis meget gode med ball, og er gode defensivt. Sjølv med ein mann mindre slepp me til veldig få sjanser til Ready. Strålande start!
— Endre Brenne, hovudtrenar
Herrelaget tok i mot Oslo-laget Ready til seriestart på Kuventræ, og det var tydeleg ein spelesugen Os-gjeng som tok kommandoen frå start.
I den fyrste seriekampen på halvanna år dominerte Os fullstendig dei fyrste 20 minutta av kampen, og vart lønna med ei vakker skåring. Os pressa Ready frå start, og i det 5. minutt straffa våre menn eit brot høgt i banen med kjappe 1.touchkombinasjonar, som sendte Rafael Villen igjennom i feltet. Rafael var iskald, sendte forsvarsspelaren på veg til kiosken for litt forfriskninger med ei skotfinte, før han rolig plasserte ballen i det lengste hjørnet - til enorm jubel frå alle med hjartet i Os!
Os fortsette å dominere i banespelet og rulla opp fleire fine angrep. Ready hadde tidvis tidsnok med å halde følge. Etter nokre forrykande 20 minutter, roa tempoet seg, men Os var framleis det førande laget. Laga gjekk til pause med 1-0.
Etter ein pust i bakken og nokre kloke ord i garderoben løfta Ready seg høgare i banen i starten av 2.omgang. Det gav store kontringsrom for gjennombrotshissige osingar. Få minutter ut i omgangen vann Os ballen gunstig på eigen banehalvdel. Ready stod høgt, og Rune Åsheim Mo sendte toppskåraren frå 2019, Roger Blokhus Ekeland, avgårde i eit hav av bakrom mot Ready sin sisteskanse. Men til alle på stadion sin store forbauselse blei Roger blåst av for offside. Det såg ut som ei tvilsam avgjerdsle, noko tv-bileta underbygde. Roger var fleire meter i onside, og starta i tillegg på eigen banehalvdel.
Raudt kort
I det Os blei frårøva ein enorm skåringsmoglegheit, blei brått kampbilete endra når Rune Åsheim Mo fekk marsjordre i det 51. minutt. Rune vendte elegant av ein Ready-spelar, som så tydeligvis ville byte drakt med vår midtbanespelar. I frustrasjon over å bli frårøva ein gunstig overgangsmoglegheit, reiv Rune seg laus og markerte sin misnøye overfor Ready-spelaren. Motstanderen gjekk ned og haldt seg til ansiktet, fekk gult kort for forseelsen, før kampleiaren dro opp det raude kortet til Rune. Frå tribuneplass såg det strengt ut.
Med ein mann mindre endra kampbilete seg. Ready hadde no mest ball, men makta ikkje å truge Os i noko stor grad. Våre menn jobba tett og kompakt, til frustrasjon for østlendingane, og i staden var det Os som skapte dei største sjansane.
Etter eit fint initiativ frå Anders Havsgård fekk backen sendt avgårde eit skot inni 16-meteren i retning næraste kryss. Ready-keeperen fekk nokre fingre på ballen og avverga til corner. Kort tid etter var Steffen Kvamsdal på raid. Han sklei forbi eit par spelarar, forserte i stor fart mot Ready sitt målfelt. Han fekk fyrste skotforsøk blokkert, krangla ballen med seg vidare inn i feltet og sendte avgårde eit nytt skot. Også denne blei blokkert, men ballen landa i beina på Roger i feltet som enkelt kunne bredside den i mål til 2-0 - til lettelse og euforisk glede på banen, benken og på tribuna.
Ready prøvde desperat å få ei redusering, men Os stod sterkt i mot. Fyrst på overtid lukkast Oslo-laget, som skapte ny spenning dei siste minutta. Like etter reduseringa var det i staden evigunge Torkel Hjertnes, som kom inn til comeback, som skaffa seg ein enorm moglegheit. Han leste spelet og braut ei tversoverpasning frå Ready-stopparen. Åleine med keeper, sentra han på usjølvisk vis på tvers i retning Roger. Men dessverre blei det ei misforståing og upresis pasning, og ein enorm forspilt sjanse til å punktere kampen.
Til stor lettelse for alle osingane stod våre menn i mot, og henta heim årets fyrste siger og 3 poeng! Gratulerer!
Neste kamp er mot Fana på Varden Amfi laurdag kl. 15.00. Bli med og støtt herrene også denne kampen!
Om du ikkje kan sjå kampen live, kan du ved å bli med i målklubben motta skåringsvarsel frå kampen og samtidig støtte klubben med eit valfritt beløp per skåring. Meld deg inn her: Målklubben
Kampfakta:
Norsk Tipping-ligaen avd. 4, 1 serierunde
Kuventræ stadion
400 tilskodarar
Os - Ready: 2 - 1
1 - 0 Rafael Villen (Rune Åsheim Mo)
2 - 0 Roger Blokhus Ekeland (Steffen Kvamsdal)
Laget:
Kasper Sandven Færøvik - Torgeir Lunde (K) Carl William Lafquist-Lygre, David Cardenas Trias, Anders Hjelle Havsgård - Kristian Halvorsen, Kristoffer Røttingen, Rafael Villen, Rune Åsheim Mo - Roger Blokhus Ekeland, Thomas Stene Spilde
Innbyttarar med speletid:
Steffen Kvamsdal for Rafael Villen 67 min.
Torkel Hjertnes for Kristoffer Røttingen 67 min.
Sander Fagerbakke Kvittingen for Thomas Stene Spilde 81.min.