3 poeng i seriepremieren
Seriestarten til herrelaget baud på mange sjansar, trikseshow og nervepirrande sluttminutter!
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).
Laurdag var det duka for fotballfest på Kuventræ når herrelaget tok i mot Frøya til seriestart i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1. Etter stor sjanseproduksjon og ein nervøs avslutning på kampen, kunne våre menn innkassere sesongens tre fyrste poeng.
- Det var deilig å komme i gang med 3 poeng! Me skapte mange sjansar, men eg skulle gjerne sett at me avgjorde tidligare! Det blei unødvendig nervøs avslutning på kampen, men me drog det i land og sikra sesongens tre fyrste poeng. No rettar me blikket mot Fyllingsdalen på onsdag, seier ein letta Endre Brenne.
Dei 10 fyrste minutta av kampen var jamne før våre menn tok kommandoen. Dei mange frammøte på tribunen kunne utover i omgangen sjå osingane produsere sjanse etter sjanse, men at dei gang på gang måtte halde jubelen tilbake når Frøya sin sisteskanse var i det umoglege hjørnet.
Henrik Tysse Sperrevik hadde ein suser i tverrligger og Torgeir Lunde, og Steffen Kvamsdal hadde begge forsøk som blei stoppa på strek - våre gulkledde stod tidvis i kø for å pirke ballen over mållinja. Trass eit stort overtak kunne i staden Frøya ha teke leiinga etter eit flott soloraid frå den notoriske målskåreren Simen Næss, i motsett ende. Men avslutninga blei for svak og dermed stod det 0-0 til pause.
Medan herrelaget la ein slagplan for å bryte ned Frøya i 2.omgang, underhaldt freesyle-trikser, Sondre Aksnes (SondreFreestyle), eit trikseshow for publikum i pausen. Born og unge med supportermaling i ansiktet og gratis is i handa, fulgte med på ballsjongløren med begeistring, før dei igjen var klare for å heie.
Hol på byllen, men nervøse sluttminutter
Etter snaut timen spelt makta endeleg våre menn å overliste Frøya sin levande vegg i målet. Steffen Kvamsdal fekk hol på byllen når han smalt ballen i nettmaskene. Når kaptein Marius Mikkelsen stanga inn 2-0-målet på ein corner i det 84. minutt trudde dei fleste at kampen var avgjort - men den gang ei.
Frøya gjekk rett i angrep etter baklengset og kombinerte seg inn i 16-meteren. Det er mogleg Mikkelsen framleis var litt ør etter målfeiringa minuttet før, for kapteinen forårsaka så eit straffespark til Frøya. Kasper Færøvik gjekk riktig veg, men kunne ikkje avverge reduseringa då skotet frå Simen Næss var for hardt og velplassert. Dette gav Frøya blod på tann, som satsa hardt i sluttminutta for å få med seg eit poeng til Melkeplassen. Det gav store kontringsrom, som Roger Ekeland kunne utnytta til å punktere kampen på overtid, men nok ein gang kom Frøya-burvokteren sigrande ut av duellen. Like etterpå stod så tida stille i nokre sekunder når Frøya var nære å utlikne på ein dødball.
Heldigvis for Os gjekk avslutninga over, og alle med hjerte i Os Fotball kunne puste letta ut når sluttsignalet runga utover stadion. Våre menn hadde drege årets fyrste siger i land!
Midtstopper, Jonas Fagerbakke Hovland, leverte ein ny solid kamp og blei kåra til dagens osing!
Tusen takk til alle som møtte opp i det varierande vêret og nok ein gang gav herrene våre stor støtte! Me er sterkare saman!
Nest kamp for herrelaget er allereie på onsdag når dei gjestar Fyllingsdalen på Varden Amfi kl. 19.00.
Kampfakta:
1. serierunde Norsk Tipping-ligaen avd. 1
Kuventræ, 9.april
Os - Frøya: 2-1
Mål: 1-0 Steffen Kvamsdal 57. min.
2-0 Marius Mikkelsen 84.min.
2-1 Simen Næss 85.min (str)
Dagens osing: Jonas F. Hovland.
Startoppstilling:
Kasper Færøvik - Jonas F. Hovland, Marius H. Mikkelsen (K), Anders H. Havsgård - Sverre S. Haga, Torgeir Lunde, Steffen Kvamsdal, Sander L- Dyngeland - Niklas L. Fosen, Henrik T. Sperrevik - Roger B. Ekeland.
Innbyttarar:
Anders Fosen Lunde, Torkel Hjertnes, Rafael Villen, Sebastian Plätzer, Benjamin Engevik, Eirik Rysjedal, Kaspar Døsen og Magnus S.Haga.
Bytter:
Torkel Hjertnes for Dyngeland 80.min
Rafael Villen for Steffen Kvamsdal 80.min.
Norsk Tipping-ligaen avd. 1
Spilt S | Vunnet V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sandviken Sandviken | 26 | 22 | 3 | 1 | 76 | 24 | 52 | 69 |
2 | Bjarg Bjarg | 26 | 22 | 2 | 2 | 86 | 27 | 59 | 68 |
3 | Os Os | 26 | 15 | 2 | 9 | 72 | 40 | 32 | 47 |
4 | Askøy Askøy | 26 | 13 | 8 | 5 | 58 | 42 | 16 | 47 |
5 | Djerv 1919 Djerv 1919 | 26 | 14 | 3 | 9 | 64 | 50 | 14 | 45 |
6 | Førde Førde | 26 | 14 | 3 | 9 | 55 | 48 | 7 | 45 |
7 | Fana Fana | 26 | 13 | 4 | 9 | 62 | 49 | 13 | 43 |
8 | Haugesund 2 Haugesund 2 | 26 | 8 | 5 | 13 | 51 | 53 | -2 | 29 |
9 | Loddefjord Loddefjord | 26 | 7 | 7 | 12 | 55 | 69 | -14 | 28 |
10 | Stord Stord | 26 | 8 | 4 | 14 | 59 | 74 | -15 | 28 |
11 | Åsane 2 Åsane 2 | 26 | 7 | 3 | 16 | 50 | 85 | -35 | 24 |
12 | Frøya Frøya | 26 | 6 | 4 | 16 | 44 | 61 | -17 | 22 |
13 | Årdal Årdal | 26 | 7 | 1 | 18 | 57 | 91 | -34 | 22 |
14 | Florø Florø | 26 | 1 | 1 | 24 | 21 | 97 | -76 | 4 |