Altmuligmann Ingar Endresen

Ingar Endresen har vore ein strålande tilvekst i Os Fotball, og no utvides engasjementet hans i klubben. I tillegg til å vere sjåfør for minibussen på FFO og Akademiet, blir Ingar innlemma i støtteapparata rundt dame- og herrelaget, samt 5´keeper på herrelaget!

- Me leiter i alle kriker og kroker etter forsterkninger, og no har me funnet ein i rekkene til Oldboysen som var klar for å ta steget opp. Me må sende ein stor takk til Leif Erik Solbakken og teamet rundt Oldboysen som har gjort ein god jobb, seier dagleg leiar Endre Brenne entusiastisk medan latteren triller avgårde frå altmuligmann Ingar. 

- Det var for lågt nivå på oldboysen, legg Ingar til med eit glimt i auga før han bryt ut i latter igjen. Han kan nok vente seg eit par ekstra harde skot på neste Oldboystrening! 

"Latter og god stemning er beskrivende for Ingar"

— -
 Latter og god stemning er beskrivende for Ingar! Det sprer han om seg overalt kor han går; om det er som stødig sjåfør for våre unge håpefulle på FFO og Akademiet, eller som kamparrangør rundt dame- og herrekamper. Ingar er engasjert, positiv og hjelpsom, og brenn verkeleg for Os Fotball!

Det er ein stor glede at humørspreiaren no også blir fast del av støtteapparata rundt dame- og herrelaget som assisterande lagleiar. Og plomma i egget, at Oldboyskeeperen blir 5´keeper på herrelaget! 

Me set stor pris på altmuligmannen vår, og er glade for at Ingar er ein del av Os Fotball! 

Annonse: