Avslutta sesongen med siger i Sogndal

Herrelaget sikra sin beste tabellplassering på årevis!

Førre helg var det duka for sesongens siste kamp når herrelaget tok turen til Sogndal for ein avgjerande sisterunde. Det var nemleg ein liten fare for å kunna rykkja ned, men med minimum eit poeng var plassen sikra uavhengig om alle laga bak dei på tabellen skulle vinne sine dueller. Våre menn gjorde jobben sin, vann 3-0 og enda på 6.plass, som er herrelaget sin beste tabellplassing på mange år.

Herrelaget gnistra ikkje som dei har gjort tidligare i sesongen, men gjennomførte ein solid bortekamp. 3-0 borte mot eit sterkt Sogndal 2-lag er meir enn godkjent. Sogndal var fysisk sterke og hadde hjelp frå fleire A-lagsspelarar, men i 2.omgang var det våre menn som fekk overtaket. Toppskårer Roger Blokhus Ekeland ekspederte Os sikkert i leiinga frå straffemerket. Det var måljegeren sin 10 skåring i årets halve sesong. 

Ekeland serverte elegant Marius Mikkelsen kort tid etter. Kapteinen fekk ein eventyrlig sjanse, men heada på utruleg vis ballen over frå kort hald. Like etter byta Mikkelsen med Niklas Lunde Fosen - det skulle vise seg å vere eit lurt trekk. Fosen kom inn som eit friskt pust, og nettopp han auka til 2-0 i det 80.minutt. Til lettelse for alle med eit dunkende hjerte for Os Fotball, og stor jubel for alle dei tilreisande osinger som hadde teke turen til Sogndal for å støtte herrene i den avgjerande sisterunden. 

Vakkert debutmål frå Haga

På overtid krona yngstemann i troppen, Sverre Spangelo Haga (2004), sesongen med å skåre sitt fyrste A-lagsmål - og for ein måte å gjere det på! Unggutten drog seg fri på kanten og curla ballen i lengste kryss - eit praktmål! 3-0 blei sluttresultatet og laget enda dermed på 6.plass på tabellen. 

Takk for god og spennande underhaldning - me gler oss til å sjå vidare framgang i 2022! 

j.jpg
Sverre Spangelo Haga og Niklas Lunde Fosen skåra kvart sitt mål mot Sogndal 2.

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 2 2 0 0 9 0 9 6
2 Sandviken Sandviken 2 2 0 0 7 2 5 6
3 Åsane 2 Åsane 2 2 1 1 0 8 1 7 4
4 Førde Førde 2 1 1 0 4 3 1 4
5 Haugesund 2 Haugesund 2 2 1 1 0 2 1 1 4
6 Fana Fana 2 1 0 1 5 3 2 3
7 Bjarg Bjarg 2 1 0 1 4 4 0 3
8 Djerv 1919 Djerv 1919 2 1 0 1 3 6 -3 3
8 Loddefjord Loddefjord 2 1 0 1 3 6 -3 3
10 Askøy Askøy 2 0 2 0 1 1 0 2
11 Stord Stord 2 0 1 1 2 4 -2 1
12 Frøya Frøya 2 0 0 2 1 5 -4 0
13 Årdal Årdal 2 0 0 2 3 8 -5 0
14 Florø Florø 2 0 0 2 0 8 -8 0

Annonse: