Behov for fleire frivillige til arrangement

Brenn du for å skape gode opplevingar og gjere ein positiv forskjell i lokalmiljøet? Me har stadig behov for frivillige som kan hjelpe til med gjennomføring av store og små arrangementer på Kuventræ, og klubben er no spesielt på jakt etter frivillige som kan hjelpe til rundt dame - og herrelaget sine kampar. Vil du bli del av eit inkluderande, positivt og samarbeidsvillig fellesskap som saman ynskjer å skape minnerike opplevingar for store og små? Då er du velkommen som frivillig i Os Fotball

(Foto: Midtsiden).

Frivillig innsats er idrettens grunnstein, og Os Fotball er utruleg heldige som har mange flinke og engasjerte frivillige på laget. Det er mykje aktivitet og mange arrangement på Kuventræ gjennom året, og det er alltid behov for fleire frivillige som ynskjer å bidra. Er det deg? 

Frivillige til dame - og herrelaget sine heimekampar

Klubben er spesielt på jakt etter frivillige som kan hjelpe til rundt kamparrangement for våre to flaggskip, dame - og herrelaget. Herrelaget serieopnar førstkomande laurdag 9.april kl. 13.00 på Kuventræ, medan damelaget sparker i gang sesongen onsdag 20.april. Arbeidsoppgåvane er varierte og me treng hjelp til alt frå billettsalg, kiosk, opprigg og nedrigg.

Kan dette vere noko for deg, ta kontakt med marita@osfotball.no. Me gler oss til å få deg med på laget! 

241564358_4355256091208081_6313099688310831422_n.jpg
Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball

 

 

Annonse: