Bergen Marinesenter forlenger engasjementet med styrka kraft
- Bergen Marinesenter har vore ein sterk og ivrig støttespelar i fleire år, og at dei no kjem inn med forsterka kraft i ei vanskeleg tid viser verkeleg at dei bryr seg om klubben vår!
Det uttaler dagleg leiar, Endre Brenne, om at vår engasjerte samarbeidspartnar, Bergen Marinesenter, held fram og attpåtil aukar støtta til klubben! Det set me enormt stor pris på!
Bergen Marinesenter sin kjernevirksomhet er megling av båter i segmentet cabincruiser til storbåt. Dei held til ved Vågen, midt i Bergen sentrum, og du kan besøke dei på nett her: Bergen Marinesenter
Daglig leiar i Bergen Marinesenter, Ståle Daae Børnes, ser verdien av det varierte arbeidet klubben gjer, som også er grunnen til at selskapet vil støtte Os Fotball vidare.
- Eg synst Os Fotball gjer ein knakande god jobb for innbyggjarane i bygda, og gjev unge og lovande noko kjekt og konstruktivt å gjere på. Os Fotball sitt engasjement strekker seg langt forbi fotballen i seg sjølv; dei besøker dei godt vaksne på Luranetunet, dei har Gatelaget, dei arrangerer inkluderingsdagar, samtidig som dei fremmer sunne og gode haldningar som Eat Move Sleep-ambassadør. Eg heier på alle som gjer noko bra for andre, og etter ein periode med låg aktivitet er det faktisk viktig at støtta aukes omvendt proporsjonalt. God sesong!
Det lokale næringslivet er enormt viktig for klubben og me er veldig glade for at Bergen Marinesenter har gjeve oss vidare tillit.
Saman er me sterke!