Betydningsfult samarbeid med A2G

Os Fotball er ein klubb for alle, med inkludering som ein av kjerneverdiane; me skal bry oss om dei rundt oss og hjelpe kvarandre å utvikle oss! Gjennom eit godt samarbeid med A2G om arbeidstrening for å hjelpe mennesker tilbake i arbeid, har me fått erfare kor betydningsfult det kan vere for andre at nokon rekker ut ei hand, og gjev kvar enkelt tillit og rom til å utfolde seg.

- Os Fotball og Kuventræ skal vere ein inkluderande plass å komme til, og kan me hjelpe folk attende i arbeid er det heilt fantastisk!

— Dagleg leiar Endre Brenne

- Det har vore eit utruleg fint og godt samarbeid med A2G dei siste åra. Me har fått mange flotte og dyktige mennesker innom på arbeidstrening/avklaring og me opplever dette som utelukkande positivt for alle partar. Os Fotball og Kuventræ skal vere ein inkluderande plass å komme til og kan me hjelpe folk attende i arbeid er det heilt fantastisk! Me oppmodar våre gode samarbeidspartnarar og andre til å gjere det same, for dette er verkeleg vinn-vinn, seier dagleg leiar Endre Brenne. 

A2G er ein av dei største inkluderings- og arbeidsbedriftene i fylket, og tilbyr i tett samarbeid med NAV arbeidsrett tenester innanfor alle bransjer og arbeidsområder. Målet med tilbodet er å hjelpe mennesker, som ikkje har hatt jobb eller har vore lenge utan arbeid, inn på arbeidsmarkedet- og behalde jobben.

Os Fotball er ein allsidig arbeidsplass med eit breidt spekter av arbeidsoppgåver, og avklaringsperiodane har difor også kunna blitt tilpassa den enkelte. Deltakarar har arbeida med alt frå arbeid med born og unge på FFO, gjennomføring av arrangement og vaktmeisteroppgåver på anlegget vårt. Teamleiar for avklaringstiltak i A2G avdeling Midthordaland, Elisabeth Størksen, er strålande nøgd med samarbeidet med Os Fotball.

- Tilbakemeldingane frå deltakarane som har vore innom Kuventræ er at dei stortrives! Nyleg fekk også ein av deltakarane tilbod om vidare arbeid i klubben etter avklaringsperioden, som tydeleg rørte vedkomande og viser oss betydninga av samarbeidet.

— Elisabeth Størksen, A2G

- Me opplever å ha eit veldig godt samarbeid med Os Fotball, som har teke i mot mange deltakarar til arbeidsavklaring gjennom oss i A2G på ein positiv måte. Tilbakemeldingane frå deltakarane som har vore innom Kuventræ er at dei stortrives! Nyleg fekk også ein av deltakarane tilbod om vidare arbeid i klubben etter avklaringsperioden, som tydeleg rørte vedkomande og viser oss betydninga av samarbeidet. Det er slike suksesshistorier som gjer denne jobben så betydningsfull; saman kan me endre liva til folk til det betre, uttaler Elisabeth Størksen i A2G. 

Det er ein glede å samarbeide med A2G, og me ser fram til fleire suksesshistorier i framtida! Saman er me sterkare! 

magnorvinduet-538x93-1.png

 

Annonse: