Bjørnafjorden Hage & Anlegg aukar støtta
Å spele på lag med det lokale næringslivet er heilt essensielt for oss som klubb for å skape eit så godt tilbod som mogleg på Kuventræ! Me er difor enormt takksame for at samarbeidspartneren vår, Bjørnafjorden Hage & Anlegg, aukar engasjementet med Os Fotball i tre nye år!
Bjørnafjorden Hage & Anlegg, med Thomas Olsen og Sindre Leikvoll Moberg i spissen, er to framoverlente, positive og dyktige entreprenører som begge har bred erfaring frå anleggsbransjen. Duoen etablerte firmaet i 2020, og kom kjapt inn på sponsorsida til klubben.
- Eg og Sindre har begge tilbrakt mykje tid på Kuventræ og har ein sterk tilhørighet til klubben. Vi ser at det er mykje god og positiv aktivitet på Kuventræ, og Os Fotball er med å skape samhald, vennskap, bevegelsesglede og tilhørighet. Dette ønsker Bjørnafjorden Hage & Anlegg å støtte vidare, seier Thomas Ryland Olsen om forlengelsen, og skryt samtidig av klubbens fotballfritidsordning.
Bjørnafjorden Hage & Anlegg er godkjent lærlingbedrift, og har mange oppdrag både i det grøne og grå element. Firmaet har sidan oppstarten vakse til fem ansatte, og tek oppdrag frå alt til graving, drenering, natursteinsmuring, og belegningsstein, til mindre oppdrag som hekk-klipping og vaktmeisteroppdrag. Ta kontakt med Bjørnafjorden Hage & Anlegg og snakk med dei om ditt neste hageprosjekt!
Me er naturlegvis enormt glade for støtta og ser det som ein stor tillitserklæring at Bjørnafjorden Hage & Anlegg ønsker å forlenge og auke engasjementet i klubben.
Me gler oss til eit godt samarbeid vidare!