I 2017 blei det målfest på Kuventræ! Os kunne juble for 4-3 siger etter fire skåringar av Christoffer Hafsås (Foto: Hordalandsfotball).

BLI MED PÅ CUPFEST I KVELD

Det er rigga for cupfest på Kuventræ når herrelaget tek i mot Åsane til 1.runde i NM kl.18.00 i kveld.

Foto: Hordalandsfotball. 

- Me gler oss til cupfest! Det blir veldig kjekt å måle krefter med eit Obosliga-lag, og me håper på mykje liv og støtte frå vår 12-mann på tribunen!

— Endre Brenne
I samarbeid med generalpartner Magnor Vinduet, har me stor glede av å inviterer til 1.runde i NM når Åsane kjem på besøk til Kuventræ. 

- Me gler oss til cupfest! Det blir veldig kjekt å måle krefter med eit Obosliga-lag, og me håper på mykje liv og støtte frå vår 12-mann på tribunen. Me er eit lag i form, og går til kampen med låge skuldre og mål om å vise oss fram frå ei god side! Me skal gjere alt me kan for å tøyse med Åsane, og går sjølvsagt for ein cupskrell, uttaler hovudtrenar Endre Brenne før kampen. 

Åsane var også herrelaget sin cupmotstandar i NM for fire år sidan, men me håper det blir meir spennande enn den gang. Det oppgjøret var avgjort i løpet av dei fyrste 45.minutta med fem Åsane-mål i sekken. Øystein Takle Eide skåra eit trøstemål for våre menn på tampen av kampen, slik at det blei 1-1 i 2.omgang. Kampen enda til slutt 6-1. 

Møter tidligare Premier League- og landslagsprofil

Medan våre menn har fått ein god start på sesongen med 13 av 18 poeng i serien, samt sigrar mot Sund og Lysekloster for å kvalifisere seg til dagens NM-kamp, har det gått meir trått for Åsane. Laget er tippa som ein av outsiderne til å rykke opp til eliteserien, men står etter seks kampar utan siger i Obosligaen. Det har blitt mager poengfangst med tre uavgjorte resultat så langt, men det er venta at det ballbesittande Åsane-laget med profiler som Morten Gamst Pedersen og osing Bjarte Haugsdal, kjem sterkt utover i sesongen. 

Morten Gamst Pedersen er kjent for dei fleste med sine 83 A-landskamper for Norge og 288 kampar i Premier League for Blackburn. Han blei før denne sesongen henta av Åsane sin ferske sportssjef Kåre Ingebrigtsen. Det blir også eit gjensyn med vår tidligare spelar, osing Bjarte Haugsdal, som er ein fast brikke i dagens Åsane-mannskap.  

Status Os

Kristian Hjelvik Halvorsen, Marius Haugland Mikkelsen, Mathias Dahl og Petter Hilton er framleis utilgjengelige. Også Thomas Stene Spilde er usikker til kveldens kamp, men det er venta at fleire av dei er kampklare igjen til helga mot Nordstrand i Oslo.

Som i mange av kampane så langt vil det opne seg moglegheiter for speletid for mange av våre unge lokale osinger - det gjeld også i kveldens cupkamp mot Åsane. 16-årige Sebastian Plätzer blei matchvinner i førre kamp, samt at både Sverre Spangelo Haga og Kaspar Klett Døsen som begge er fødd i 2004 har fått nettsus. Haga har forøvrig starta alle kampane så langt. Også Eirik Rysjedal (2003-modell) har fått speletid, både frå start og som innbyttar. Det gror godt i eigne rekker og det er veldig gledeleg at mange har fått sjansen og samtidig fått gode opplevelser. 

Dette blir spennande, og me håper å sjå deg på tribunen! Smeller det ein cupbombe på Kuventræ i kveld? Møt opp for å sjå, og ikkje minst bidra frå tribunen for at nettopp det skal skje! Herrene våre trenger din støtte! Vel møtt og god kamp! 

Inngang: 
Sesongkort: Fri entré
Born og unge: Fri entré
Vaksne: 80 kr

Kampstart kl. 18.00 - Velkommen! 

magnorvinduet-538x93-1.png
OS - ÅSANE.png

 

Annonse: