Bli med på MidtsidenCup 2022!

Få med vennegjengen, kollegaer, familiemedlemmer, kjente og kjære til MidtsidenCup 2022 - laurdag 12.november på Kuventræ!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden.

Laurdag 12.november blir det futt og fart på Kuventræ når årets MidtsidenCup går av stabelen. Dette er same dag som Os Fotball feirer fotballsesongen 2022 i Oseana på kvelden, kor også årets deltakarar på MidtsidenCup er hjertelig velkommen til å delta. 

– Nytt i år er at også deltakarane på MidtsidenCup kan melda seg på gallamiddag, eller festen etter gallaen, begge delar i Oseana. Det hadde vore veldig kjekt om gatecupdeltakarar vil dela denne fine kvelden med resten av fotballgruppa, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Årets MidtsidenCup er lagt opp til fire klasser: 
Dameklasse
Bedriftsklasse
Herrar amatør
Herrar elite

Så her er det berre å få med venner, familie, kollegaer, kjente og kjære til ein aktiv og morsom fotballdag på Kuventræ, og eventuelt også fotballgalla på kvelden! 

Praktisk informasjon

Tidspunkt og pris
Stad: Kuventræ
Tid: Laurdag 12. november frå ca klokka 10 til 16*
* Cupen blir spelt ferdig på éin dag - men kan starta tidlegare om det blir mange lag påmeldt. Dameklassen får truleg finale i 13-14-tida.

Aldersgrense: 16 år for gutar, 15 år for jenter (fødd i 2006/2007)
Pris, cup: 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar/frå kr 167 per spelar)

Påmelding: Send namn på lag, klasse og namn og nummer til lagleiar på epost til marita@osfotball.no

Påmeldingsfrist: Søndag 6. november
Send gjerne inn påmelding først, med klasse og namn på lag, så kan spelarliste og betaling koma seinare, men innan 6. november må vi ha betaling og liste over spelarar.
Betaling: Os Fotball konto 3633.59.99023 (merk med namn på lag).

Galla og fest i Oseana:
Gallamiddag er frå kl 19.30-23 (pris 495 kroner)
Fest etter gallaen er frå kl 23-01.30 (pris 150 kroner)
OBS! Begrensa mengde plassar på galla og fest.

Klassar og reglar

DAMER
• Ta med så mange aktive du vil, men berre tre spelarar på banen frå 2. div og opp på banen til eikvar tid.

HERRAR AMATØR
• Alle som har spelt offisiell kamp (serie eller NM, på banen i 2 kampar eller meir*) i år tel som aktive, også gute-/juniorspelarar.
Obs: veteran/oldboys tel ikkje som aktive.
• Du kan ha med maks 2 aktive
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

HERRAR ELITE
• Ta med så mange aktive du vil, men berre inntil 3 spelarar frå 3. div og opp.
• Ingen straffe eller baklengsmål, uansett mengde aktive.

BEDRIFT (HERRE/MIX)
• Alle spelarane må ha fått løn eller honorar frå bedrifta i 2022, eller vera gift/sambuar med ein tilsett i firmaet
• Det er valfritt å stilla med mixlag (herre/dame).
• Den tilsette kan IKKJE ta med andre familiemedlemmar (eigne born, nieser eller nevør f eks)
• Kommunetilsette som stiller lag må jobba ved same avdeling, ingen toppa lag med tilsette frå ulike skular eller liknande.
(Søk om disp til å ta med utanforståande om du manglar spelarar til å stilla lag)
• Ta med så mange aktive du vil, MEN (nytt i år): Har du fleire enn to aktive, får du mål imot per aktive utover to. Eksempel: du stiller med fire aktive mot eit lag med to aktive, så startar kampen på stillinga 0-2.

GENERELLE REGLAR - ALLE KLASSAR:
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt mengde skåra mål eller myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Dette blir knakande kjekt - me sjåast! 

Unknown-kopi.png

 

Annonse: