Brødrene Borgen Ferdigbetong har re-signert

Gode naboar er fint å ha - Brødrene Borgen Ferdigbetong AS er med vidare.

Os Fotball har gleda av å dela at også Brødrene Borgen Ferdigbetong AS held fram som samarbeidspartnar med klubben. Den solide lokale aktøren vel dermed å føra vidare engasjementet sitt for idretten i bygda.

Brødrene Borgen Ferdigbetong AS er ein veletablert leverandør innan betong og tilhøyrande tjenester, og har over tid vore ein viktig støttespelar for aktivitetane på Kuventræ. Gjennom bidraget sitt er dei med på å leggja til rette for eit inkluderande og aktivt fotballmiljø. Hos Brødrene Borgen Ferdigbetong AS er ønskje om å bidra lokalt ei viktig drivkraft:

– Me synest det er viktig å støtta opp om det som skjer i nærmiljøet, og Os Fotball gjer ein imponerande jobb for barn og unge. Det er kjekt å kunna vera med og bidra.

I Os Fotball blir det langsiktige samarbeidet høgt verdsatt:
– Det er utruleg positivt at lokale bedrifter som Brødrene Borgen Ferdigbetong AS ønskjer å vera med vidare. Slike samarbeid betyr mykje for aktivitetstilbodet og utviklinga til klubben, seier Endre Brenne.

Os Fotball takkar for støtta og ser fram til framhaldet!

Annonse: