Brødrene Søgnen aukar engasjementet i ny fleirårig avtale

Brødrene Søgnen har vore ein solid støttespelar for Os Fotball i mange år. Me er difor henrykte over at dei positive og handy brødrene aukar engasjementet i klubben i tre nye år!

- Os Fotball treng kontinuitet og gode støttespelarar for å bygge klubben vidare, noko Brødrene Søgnen har gjeve oss i ei årrekkje. Det er rett og slett enormt gledelig at dei fotballinteresserte brødrene, Stein Harald Søgnen og Åge Søgnen, auker engasjementet i tre nye år i klubben. Topp karer, uttaler dagleg leiar Endre Brenne. 

Brødrene Søgnen er eit lokalt byggefirma som blant anna utfører tømrerarbeid innan nybygg, tilbygg, rehabilitering, oppussing, servicetjenester og alle typer av dør- og vindusbytter. 

Brødrene har vore ein aktiv samarbeidspartnar og har tidligare blant anna bidrege med å reise det nye kioskbygget på Kuventræ - forøvrig til topp karakter. I tillegg til å vere kvalitetsbevisste opplev me støttespelarane våre som humørfylte, serviceinnstilte og positive. 

Me set stor pris på støtta og ser fram til eit godt samarbeid vidare med Brødrene Søgnen!

 

Annonse: