Byggmester Skaatun AS forlengjer samarbeidet
Nok ein mangeårige støttespelar, Byggmester Skaatun AS, har forlenga samarbeidsavtalen.
Os Fotball er stolte av å kunngjera at Byggmester Skaatun AS nok ein gong har valt å forlengja samarbeidsavtalen. Den lokale bedrifta opprettheld difor mangeårige engasjement på Kuventræ.
Skaatun er ei solid handverksbedrift med lang erfaring innan byggmeisterfaget. Selskapet har opparbeidd seg eit godt rykte for kvalitet, kompetanse, fagleg stoltheit og er ei godkjent lærebedrift.
Dagleg leiar Ståle Skaatun seier følgjande om kvifor selskapet går laus på endå eit år som partnar:
– Me ønskjer å støtta lokal idrett, og me har sansen for det gode arbeidet som blir gjort i Os Fotball og på Kuventræ. Klubben er ein viktig møteplass for barn og unge, og bidreg positivt til lokalmiljøet, seier Skaatun.
Os Fotball set stor pris på tilliten og engasjementet frå Byggmester Skaatun.
– Det betyr mykje for oss å ha med lokale samarbeidspartnarar som deler våre verdiar og som ser betydninga av det arbeidet me gjer. Støtta frå næringslivet er avgjerande for å kunna gje eit godt tilbod til alle medlemmane våre, seier dagleg leiar Endre Brenne.
Me gler oss til å halda fram det gode samarbeidet vidare!