CUPBOMBA SMALT PÅ KUVENTRÆ

1.runde i NM blei ein cupfest for minnebøkene; våre menn trakk det lengste strået i ein ellevill fotballkamp!

- Vi slutter aldri å imponere, spør du meg. No skal vi til Ullevaal, var reaksjonen til matchvinner og hattrick-helt, Niklas Lunde Fosen, til BA etter å ha avgjort kampen i ekstraomgangane. 

Då hadde nettopp eit fullsatt Kuventræ fått oppleve ein spinnvill fotballkamp som garantert kjem til å gravere seg inn i minneboka til alle involverte i lang tid. 

IMG_9026 2.JPG
Kung Fu Dyngeland sendte Os i føringa med ein akrobatisk skåring (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball).

Ein svevande Sander Lønne Dyngeland saksesparka våre menn i føringa etter 12.minutter, og dermed var standaren satt! Men eit jublande publikum kunne neppe forutsjå kva som var i vente.

Åsane svarte kort tid etterpå etter eit smart slått frispark av Morten Gamst Pedersen. Innlegget fekk ein styring frå Åsane-kaptein, Martin Ueland, frå kort hald og det stod dermed likt. Os var frå start modige og dyktige i frispelinga bakfrå, og skapte fleire store sjanser, noko som gav sjølvtillit. Når gjestane så tok leiinga på ein kontring etter 32.minutter, til store protester frå osingane som meina dei blei frarøva eit frispark i forvegen, trudde kanskje dei fleste at Obosliga-laget skulle ta styringa vidare. 

Men det var ikkje tilfelle! Våre menn gjekk rett i angrep med Henrik Tysse Sperrevik, som forserte i høgt tempo ned langs høgreflanken, før han med eit perfekt innlegg fann Niklas Lunde Fosen framfor mål. Med ein kontant avslutning utlikna Fosen til 2-2. Det var også pauseresultatet, og både publikum og spelarar var optimistiske på våre moglegheiter vidare. 

Lunde og Sperrevik tente håpet 

Os starta også den andre omgangen med å gå rett i strupen på gjestane to divisjoner opp. Ein livleg Sperrevik var farleg frampå, men dessverre strøk avslutningen utsida av stolpen til Eirik Østgaard. I det 52.minutt var det i staden Åsane som på ny tok leiinga. Vondt blei til verre når Åsane auka til 2-4 i det 65.minutt, men våre menn gav ikkje opp.

- Det såg kanskje skummelt ut på 2-4, men vi visste at vi var farlege kvar gong vi hadde ballen, og eg merka på heile laget at det var ingen som hadde gitt opp, sa kaptein Torgeir Lunde etter kampen, og skrøt over støtta frå tribunen.  

Kaptein Lunde var saman med Sperrevik toneangivande i opphentinga og gjekk framfor når det gjaldt som mest. Kapteinen kombinerte praktfult med Sperrevik, før sistnevnte smalt inn reduseringa i det 73.minutt. Og no hadde både Os og Sperrevik fått blod på tann.

Sperrevik var eit uromoment for Åsane-forsvaret med sitt gode løpssteg og driv med ballen, og i det 82.minutt var han farleg frampå igjen. Han vendte av ein Åsane-spelar på midtbana og satt fart rett mot mål. Etter nokre overstegsfinter blei han felt på ulovleg vis inne i 16-meteren, og kampleiiar var ikkje i tvil; straffe til Os! Eit neglebitande publikum kunne sjå at ein iskald Lunde Fosen igjen fann nettmaskene, denne gang frå krittmerket og 4-4. 

Havsgård sørga for ekstraomganger

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball. 

Men dramaet var på ingen måte over. Jubelen for utligningsmålet hadde ikkje lagt seg før Åsane med Gamsten viste prov på gammel storhet. Med eit praktfult innlegg serverte den tidligare landslagsprofilen lagkameraten sin framfor mål; Åsane var igjen i leiinga. Det såg ut til å bli kampens siste mål.

Tre minutter på overtid dukka derimot Anders Havsgård opp i returrommet etter ein dødball og dunka ballen på volley via stolperota og i nettet til elleville jubelscener på banen og tribunen! Det stod smått utruleg 5-5, og kampen måtte avgjerast med ekstra omganger. 

Etter 102.minutter trudde knapt alle tilstede kva som skjedde. Ein god Rafael Villen på Os sin midtbane, vann ballen, vendte av eit par mann og spelte seg ut av presset med ein pasning til ein rettvendt Sperrevik. Sperrevik storma mot mål, spelte ballen på tvers til makker Fosen, som enkelt kunne fullføre hattricket sitt og ta i mot ein øredøvande jubel frå eit ekstatisk Kuventræ-publikum. Våre menn hadde snudd kampen! 

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball. 

Den siste ekstraomgangen blei nervepirrande, men burvokteren vår, Kasper Sandven Færøvik, varta opp med storspel. Som ein panter fekk han gang på gang klypene på ballen. Heilt på tampen fyrte Åsane av eit skot frå 18 meter i retning det lengste hjørnet, men nok ein gang strakk Færøvik seg så lang som han var og fekk ei matchvinnende hand på ballen. Jubelen runga over bygda og publikum storme banen når endeleg sluttsignalet kom. Os var vidare til 2.runde etter å ha slått Åsane 6-5 etter 120 minutter; cupbomba var eit faktum! 

- Dette er den mest spennande kampen eg har opplevd! Eg synst me gjer ein fabelaktig prestasjon og spelar mykje fin fotball, og måten sigeren kjem på gjer meg stolt og rørt, sa hovudtrenar Endre Brenne etter å ha slått ut Obosliga-laget. 

- Me har ei gruppe med eit fantastisk samhald som jobber i samme retning og aldri gjer seg - det viser me i dag! Å klare å slå tilbake gang på gang viser stor moral, samhald og ferdigheiter, ikkje minst. Me speler mykje fin fotball, og det er utrulig kjekt å vise at me kan spele bra angrepsfotball framfor eit fullsatt Kuventræ, i tillegg til at me kan "fighte" med nebb og klør når me trenger det. Dette var ellevilt! 

Unge lokale debutanter

Det er også ekstra gledeleg at så mange unge lokale spelarar var del av den enorme prestasjonen. Sebastian Plätzer (2005) fekk tillit frå start og spela 100.minutter, Sverre Spangelo Haga (2004) spela heile kampen, Eirik Rysjedal (2003) kom inn etter 74.minutt, Jonathan Mjånes Lund (2005) kom inn i fyrste ekstraomgang, samt at Vebjørn Haga (2005) og Magnus Spangelo Haga (2006) var me å ro det i land på tampen. Dette var også Vebjørn og Magnus sin offisielle debut for A-laget - me gratulerer!

Våre menn gjorde alle med hjerte i Os stolte - tusen takk for oppvisningen!  Og tusen takk til eit enestående publikum, som gav herrene våre ekstra krefter, med eit fantastisk liv på tribunen! For ein eufori - me gler oss allereie til neste cupfest på Kuventræ! 

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

Kampfakta: 

OS - Åsane 6-5 (2-2) eeo. 

Kuventræ. 1. runde NM. Dommer: Sondre Bruvik (Tertnes). Gult kort: Kasper Færævik, Henrik Sperrevik, Torgeir Lunde, Sverre Haga, Rafael Villen Villen (Os), Senai Hagos, Morten Gamst Pedersen, Emmanuel Bangoura (Åsane).

1-0: Sander Lønne Dyngeland (10.)
1-1: Martin Ueland (18.)
1-2: Ryan Doghman (32.)
2-2: Niklas Lunde Fosen (33.)
2-3: Sindre Emil Dyrstad (52.)
2-4: Senai Hagos (65.)
3-4: Henrik Sperrevik (73.)
4-4: Niklas Lunde Fosen (83.)
4-5: Philip Ekeberg (84.)
5-5: Anders Havsgård (90.)
6-5: Niklas Lunde Fosen (101.)

Os: Kasper Sandven Færøvik - Anders Hjelle, Jonas Fagerbakke Hovland, Sander Lønne Dyngeland - Henrik Tysse Sperrevik (Magnus Spangelo Haga 115.min), Torgeir Lunde (K) (Vebjørn Fykse Haga 115.min), Steffen Kvamsdal (Rafael Villen 25.min), Sverre Spangelo Haga - Sebastian Plätzer (Jonathan Mjånes Lund 101.min), Niklas Lunde Fosen og Roger Blokhus Ekeland (Eirik Rysjedal 74.min). 

Dagens osing: Henrik Tysse Sperrevik

magnorvinduet-538x93-1.png

 

Annonse: