Damelaget "cruiser" vidare: storspelte mot Bremnes
Damelaget slo Bremnes 4-0 på Kuventræ!
(Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy, Midtsiden)
Damene våre held fram med å levere gode resultater. I går slo dei Bremnes 4-0 på Kuventræ og viste tidvis meget bra spel.
- Spelarane gjer ein utruleg god jobb for LAGET, og er bevisste på å gjere kvarandre gode. Vi er flinke til å få fart på ballen, ved å spele pasninger på to touch, og ved å ha mange gode bevegelser. Og aggressiviteten i gjennvinningsfasen var god. Så har vi nokre viktige ting som vi skal bli ein del betre på, som vil gje oss enda betre prestasjoner, seier Ørjan Sandal.
- Nå er fokuset at kvar og ein får det naudsynte overskotet inn mot neste kamp, gjennom mykje søvn, mat og kvile, kombinert med roleg restitusjon, avslutter trenaren.
Målfarlege Os-angriparar
Den målfarlege angrepsduoen, Ingeborg Sundal Ljostveit og Andrine Brunvatne Kvittingen, noterte seg begge nok ein gang i målprotokollen og sytte for 2-0 leiing til pause. Lenea Fløysand og den heimvendte storskåraren, Vy Mai Nguyen, fastsatte sluttresultatet til 4-0!
Vy er tilbake etter eit kort opphald i 2.divisjonslaget Loddefjord, og målgarantisten teikna seg sjølvsagt på skåringslista i returen.
Fasiten etter seks kamper er dermed fire sigrar og to uavgjorte, 14 poeng og tabelltopp - det likar me!
Neste kamp er søndag 26.september kl. 18 mot Fyllingsdalen 2 på Varden Amfi.