Damelaget dundrer på vidare: Storsiger mot Djerv

Damene våre held fram med den gode poengfangsten!

(Foto: Nicolas Forstrønen Bruarøy, Midtsiden)

– Kampen er totalt sett ganske brukbar, og det er sjølvsagt overbevisande å vinna heile 6-0. Til tider visar vi godt spel, men vi har periodar der vi ikkje er heilt påskrudd. Totalen er til å leva med, og det er sjølvsagt kjekt med tre nye poeng, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.

Toppskårar, Ingeborg Sundal Ljostveit, noterte seg for tre nye fulltreffere mot Djerv, samtidig som Andrine Brunvatne Kvittingen, Vy Mai Nguyen og Karoline Hevrøy skåra kvart sitt mål.

Laget held dermed stand på tabelltopp med 20 poeng og 19 plussmål i målskilnad. I neste kamp ventar 2.plass Fana, som ligger tre poeng bak. Det er dermed duka for seriefinale mandag 11.oktober kl. 20.00 på Kuventræ! 

- No skal vi samle mest mogleg energi inn mot den kampen, avslutter Sandal. 

IMG_7183.jpg

 

Annonse: