Damelaget er klare for seriestart
Damelaget har ikkje spela seriekamp sidan 2019 - no er det endeleg duka for seriestart når damene våre tek i mot Fyllingsdalen 2 på sundag!
- Endeleg igang! Det blir sabla gøy å spele seriekamp igjen!
— Ørjan Sandal, hovudtrenar
- Det blir stas å opne serien på heimebane. Vi er motiverte og gleder oss til å spele kamp igjen. Det kommer til å bli ein spennende og tøff kamp, men vi skal spele vårt spel og ha det vanvittig gøy! Målet er sjølvsagt å ta med oss 3 poeng på heimebane, seier spelande assistenttrenar Kristine Aasheim.
Hovudtrenar Ørjan Sandal fortel at Fyllingsdalen har styrka seg kraftig, og forventar i likhet med Aasheim ein tøff seriestart.
- Eg tenker det blir ein tøff og spennande kamp. Der vi blir kjempeglade og storfornøyde med tre poeng, men samtidig skuffa om vi ikkje vinnar. Forventningane for oss er jo høge, vi ynskjer alltid å vinne og vi hatar å tape, seier Ørjan Sandal, før han legg til.
- Fyllingsdalen har styrka seg kraftig, og det gjer jo dermed at Fyllingsdalen 2 også blir enda betre. Og det ser man jo allereie ved at de i førre kamp vann over Fana, som er ein av dei store opprykksfavorittane. Fyllingsdalen 2 har lagt seg på topp av tabellen.
Sandal tok over damelaget på nyåret i 2020 og får dermed omsider sin fyrste offisielle kamp som damelagstrenar på sundag. Han gler seg over at laget endeleg kan spele kampar igjen, og alt som høyrer til.
- No blir helgene ein fryd og fornøyelse, eller skuffelse og nedtur. Det er det spennande med kamper, man veit ikkje korleis det går, men man veit godt korleis følelsen blir etterpå. Endeleg i gang, og uansett så blir det sabla gøy å spele seriekamp igjen.
Vel møtt til damekamp på Kuventræ kl. 16.00 på sundag!