Damelaget er serievinnarar

Måndag kveld var det duka for seriefinale på Kuventræ når damelaget tok i mot 2.plass Fana.

Serieleiar, Os/Nore Neset, hadde skaffa seg ei luke på tre poeng ned til Fana før måndagens oppgjer på Kuventræ. Med kun to kampar igjen var det difor duka for "seriefinale" mellom laga, der damene våre ville sikre 1.plassen i avdelinga med minimum uavgjort! 

– Eg synest vi var gode i førre kamp mot Fana også, men resultatet seier sitt, vi var ikkje betre enn at det blei 2-2 og poengdeling. Denne kampen var også spennande, men vi fekk den inn på sporet vi ville, med høgt tempo, noko som passar den løpssterke og flittige gjengen vår bra, uttalte trenar Ørjan Sandal til Midtsiden etter 2-0-sigeren.

Etter ein tett og spennande kamp var det damene våre som var sterkast. Anna Kyte Haugland spela ein strålande kamp i Os-buret og blei kåra til dagens Os-spelar. Burvoktaren holdt målet reint, samtidig som lagvenninnane i motsett ende gjorde det dei kan best - skåre mål!  

17-åringen, Karoline Louise Østgulen Hevrøy, sendte laget i føringa i det 52.minutt, før målfarlege Andrine Brunvatne Kvittingen dobla leiinga kort tid etter. 2-0 blei også sluttresultatet og damene våre kunne dermed juble som vinnarar av serien! 

Søndag ventar siste kamp i serien, borte mot Gneist, før Åsane 2 står for tur om opprykk til 2.divisjon. Kvalifiseringskampane mot Åsane 2 går som følgjer: 
Søndag 24/10 kl 19: Åsane 2 - Os/Nore Neset
Søndag 31/10 kl 16: Os/Nore Neset - Åsane 2

Kjem våre damer best ut av kampane mot Åsane 2, ventar vidare kvalifisering mot beste lag i Rogaland og Sogn. 

Damelaget har imponert stort så langt og er ubeiseira etter ni kampar. Me gler oss til ein spennande innspurt på sesongen!

Jubelbilete frå "seriefinalen" teke av Kjetil Vasby Bruarøy i Midtsiden. 

Annonse: