Damelaget gjester Loddefjord

I kveld er det nye moglegheiter for damene våre som gjester Loddefjord på Alvøen! For Vy Nguyen og Anne Nordvik blir kampen ekstra spesiell!

Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball. 

Damelaget har fått ein litt trå start på sesongen med tre tap, men har periodevis i alle kampane vist at dei har nivået inne. Mot Klepp 2 var laget også veldig nære poeng etter dobbel nettsus frå Vy Nguyen, men dessverre holdt det ikkje heile vegen inn.

I kveld er det nye moglegheiter mot Loddefjord, ein motstandar som er ekstra spesiell for førre kamps tomålsskårar og keeper Anne Nordvik. Dei møter nemleg tidligare lagvenninner. 

- Eg gler meg mykje til kampen i kveld - det kjem til å bli ein veldig spennande kamp! Vi har veldig lyst til å ta med alle poenga heim, og me forventer eit veldig tøft oppgjer. Det blir samtidig veldig kjekt å møte tidligare lagvenninner igjen, men samtidig blir det litt rart å spele mot dei, seier Vy Nguyen, som saman med Anne var del av kveldens motstandar i  fjorårssesongen.

Vy lovar nye nettsus mot tidligare lagvenninner 

Den lynraske angriperen, som har blitt toppskårar for damelaget i fleire sesonger, fortel at det var godt å opne målkontoen med to nettsus i førre kamp.

- Eg har hatt ein lengre periode med måltørke, både på trening og i kamp no, så det var veldig gøy å skåre to mål! Men det var berre veldig synd at det ikkje var nok til å ta tre poeng

No er den målfarlege angriperen lysten på fleire nettkjenninger. 

- Sjølvsagt skal eg skåre! Eg dreg ikkje heim utan mål i kveld, seier ho offensivt med eit smil. 

Loddefjord har innleiia sesongen med to uavgjorte kampar, mot Fyllingsdalen og Klepp 2, medan dei fekk det i likhet med våre damer tøft mot Arna-Bjørnar 2 og Viking. I 1.runde i cupen fekk dei sesongens fyrste siger når dei vann 3-2 over Sogndal på eiga kunstgras. 

Dette blir spennande! Me kryssar fingrane for fleire nettkjenningar frå Vy og resten av damelaget i kveld, som også kan føre til sesongens fyrste poeng! Ta turen og støtt damene i jakten på sine fyrste poeng i 2.divisjon. Kampstart kl. 20.15. Vel møtt! 

magnorvinduet-538x93-1.png

 

Annonse: