Damelaget med solid siger i treningskamp

Damelaget lader opp til seriestart med ein solid 6-1 siger i treningskamp!

(Foto: frå NM for J19-laget i juni, med mange av spelarane på damelaget). 

Laurdag 21. august er det endeleg duka for seriestart for damene våre. Etter tidenes lengste "pre-season" serieåpner damene mot Bremnes på bortebane, før dei tek i mot Fyllingsdalen 2, sundag 29.august på Kuventræ. Sjå terminliste her

No førebur laget seg på best mogleg vis, og spela i går treningskamp mot Nordhordaland på Kuventræ. Andrine Brunvatne Kvittingen, og nyervervelsen Ingeborg Sundal Ljostveit, skåra begge to mål kvar. I tillegg signerte Lenea Fløysand og Agathe Cöllestine Lekven seg i målprotokollen, slik at kampen enda 6-1. Hovudtrenar Ørjan Sandal er godt nødt med gjennomkøyringen. 

- Vi spelar ein ganske bra kamp; der vi er flinke til å utføre fokusområdene våre. Spelarane kan vere godt nøgd med den jobben vi la ned, seier Sandal. 

Laget spelar ny treningskamp laurdag 14. august kl. 12.00 på Kuventræ. Då er Nymark motstandar, før det brakar laus 21.august. 

Det blir spennande - me gler oss til seriestart! 

Me minner også om at du som medlem av målklubben til Os Fotball kan støtte klubben for kvart mål damelaget og herrelaget skårar i årets korte sesong. Bli medlem i dag Målklubben Os Fotball

 

 

Annonse: