Damelaget på tabelltopp

Damelaget inntok tabelltopp etter ein sterk 3-0 siger mot Bremnes på bortebane i går kveld!

Etter ein sterk sesongstart har damelaget innkassert sju poeng på tre kampar og ligger dermed på tabelltopp. I går var det Bremnes som blei slått 3-0 på bortebane etter to mål av Ingeborg Sundal Ljostveit og eit av Hedda Stamnes Lindbom. 

- Det var eit godt lag me møtte, og Bremnes styrte mykje i fyrste del av kampen. Når me fyrst kom oss inn i kampen, vil eg påstå at me tider spelte veldig fin fotball. Me kan ikkje vere anna enn nøgde når me vinner 3-0, seier tomålsskårar Ingeborg Sundal Ljostveit. 

Ljostveit putta damelaget sine to fyrste mål, før Lindbom fastsatte sluttresultatet til 3-0 på tampen. Ljostveit står bokført med fire skåringar på tre kampar og er dermed toppskårar i avdelingen.

Også trenar, Ørjan Sandal, er godt nøgd med gjennomføringa.

- Me spelar ein ganske brukbar kamp, og 3-0 på bortebane er absolutt eit resultat me kan vere nøgde med. I store deler av kampen har me mykje bevegelse, flinke til å spele ball i beina, samt å vere bevisste på å spele i bakrom. I tillegg er aggressiviteten god. Men me har også periodar der me ikkje har nok fokus inne i våre ubeskrivelig, fantastiske hovuder, på kva artbeidsoppgåver me skal utføre. Det å vere bestemt og konsentrert på det me skal gjere, vil føre til at me blir enda betre, seier Sandal før han held fram. 

- God gjennomføring, tre poeng og mange gøye opplevingar, avslutter Sandal.

Neste kamp for damelaget er toppkamp mot Fana på Nestun idrettspark måndag 13.september kl. 20.00! 

241564358_4355256091208081_6313099688310831422_n.jpg

 

Annonse: