Damelaget sikra sigeren i kampens siste sekund

Strafferedning og sigersmål på overtid for damelaget mot Gneist!

Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy

Os/Nore Neset har fått ein god start på sesongen og tok i går i mot Gneist på Kuventræ. Det blei ein jamn affære, men våre damer trakk det lengste strået og sikra sigeren i siste sekund. 

- Dette var ikkje ein kamp for historiebøkene, sett vekk frå den avgjerande skåringa til Karoline i siste sekund - for den blir nok huska! 

- Ellers var dette ein kamp der vi "kruste" på tredje gir, og det blir det ikkje noko særleg ut av. Litt lite sprut og guffe, og vi mangla litt aggressivitet. Men uansett, vi gjorde det viktigaste i fotball, vi vant! Og all honnør til damene, som setter inn ein sterk sluttspurt til det bitter end, og får betalt for strevet, seier trenar Ørjan Sandal. 

Andrine Brunvatne Kvittingen sendte Os/Nore Neset i føringa etter 13.minutter, og før den tid hadde keeper, Anna Kyte, redda eit straffespark frå Gneist. Gneist slo tilbake og utlikna etter halvtimen spelt, før publikum måtte vente til overtid før den neste skåringen kom. Grunna to lengre stopp i spelet blei det lagt til 7.minutter av ordinær tid, og i det siste sekundet sikra Karoline Østgulen Hevrøy sigeren - og tabelltopp! 

Allereie onsdag er det duka for ny heimekamp når damene våre tek i mot Bremnes til dyst. Kampstart kl. 19.15! 

Foto: Nicholas Forstrønen Bruarøy

 

Annonse: