Damelaget spela uavgjort mot Vidar - 1 poeng unna opprykk til 2.divisjon!

Søndag tok damelaget i mot Vidar til sin fyrste av to opprykkskampar. Det enda med poengdeling, og damene er dermed berre eit poeng unna opprykk til 2.divisjon!

(Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball). 

Dei tilreisende rogalendingane hadde slått Førde 4-1 før møtet med våre damer, og det var difor venta å bli ein tøff duell i haustsola på Kuventræ! 

Det kladda frå start. Vidar skapte mest den fyrste halvtimen, men så begynte det å løsne. Både Vy Nguyen og Andrine Brunvatne Kvittingen var frampå med kvar sine sjansar på tampen av omgangen, men laga gjekk til pause med 0-0. 

– Tenningsnivået var nok det same som sist, men me makta ikkje å henta fram den same aggressiviteten. Då fekk Vidar brukt rutinen sin og tatt ned farten i spelet, sa trenar Ørjan Sandal etter kampen.

Etter ein god pauseprat var det ein anna gnist i laget frå start i 2.omgang. I det 49.minutt lada Lenea Hjelle Fløysand skotfoten og smalt Os/Nore Neset i føringa frå distanse. Det stod seg i 8.minutter før Vidar sytte for balanse i målprotokollen. 

Begge lag hadde fleire sjanser den siste halvtimen, men 1-1 stod seg kampen ut. 

– Det er heilt greit i ein kamp som denne, og 1-1 er eit fint utgangspunkt når vi reiser til Førde, seier Sandal. 

Med eit poeng på Kuventræ er Vidar klare for 2.divisjon - Os Fotball gratulerer.

Neste søndag kl. 17.00 spelar våre og Førde sine damer om den siste opprykksplassen. Førde må vinne, men våre damer er klare for opprykk med minimum uavgjort. 

Bli med til Førde og hjelp damene våre til 2.divisjon! Dette blir spennande! 

Heia Os/Nore Neset! 

Annonse: