Damelaget styrkar stallen: Nordvik og Ludvigsen er tilbake i Os!
Damelaget styrkar troppen med keeper og midtbanespelar; osingane, Anne Noss Nordvik og Malin Solstrand Ludvigsen, vender tilbake til Os!
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.
Løpssterk midtbanespelar
Malin Solstrand Ludvigsen returnerer etter nokre sesonger i Arna-Bjørnar, og fortel til Midtsiden at det kjennes godt å vere tilbake.
– No kjennes det veldig godt å vera tilbake i Os, eg gler meg til å spela i gult igjen, uttalte Malin til Midtsiden.
Malin fyller 19 år i år, og var del av den gode 2003-årgangen på Nore Neset som blei krinsmeistrar, vann Adidas Cup (uoffisielt NM) og spelte finale i Norway Cup. Malin har i tillegg vore del av kretslaget og delteke på samlinger for aldersbestemte landslag.
Den løpssterke midtbanespelaren var som 15-åring med å rykke opp til 3.divisjon med damelaget i 2018, der ho noterte seg for 4 mål på 4 kampar. I 2019 spelte ho 12 kampar, før ho meldte overgang til Arna-Bjørnar.
I toppserieklubben blei det spel for Arna-Bjørnar 2 i 2.divisjon, samt på aldersbestemte lag. Malin fortel til Midtsiden at oppholdet har vore lærerikt og utviklande, og at ho kjem tilbake som ein betre spelar.
Framadstormende keeper
Anne Noss Nordvik er same årgang som Ludvigsen og var også del av det gode 2003-laget, samt del av kretslaget! Anne spelte 11 kampar for damelaget i 3.divisjon i 2019, før ho var skadeplaga i 2020.
Tilbake på banen i 2021 meldte ho overgang til Loddefjord i 2.divisjon, samtidig som ho hospiterte med Brann Kvinner (fjorårets seriemeistrar Sandviken). For Loddefjord blei det 9 kampar, før det no blei klart at ho vender heim til 2.divisjonsspel i Os.
Hovudtrenar Ørjan Sandal er strålande nøgd med å få Malin og Anne tilbake til Os.
– Eg kjenner Malin og Anne godt frå aldersbestemt fotball i Os/Nore Neset. Vi er naturlegvis veldig nøgde med at begge kjem tilbake til oss. Malin med sin pasningskvalitet og løpskraft styrkar midtbaneleddet, medan Anne med sin reaksjonskvalitet styrkar keeperteamet, seier hovudtrenar Ørjan Sandal.
Velkommen tilbake, Malin og Anne! Me gler oss til å sjå dykk tilbake i aksjon på Kuventræ!
Sikre deg sesongkort til årets sesong, og få inngang til både dame- og herrelaget sine kampar på Kuventræ, samt ei rekkje gode rabattordninger hos lokale aktører. Les meir her: Sesongkort 2022