Desse utpeika seg for dame- og herrelaget i 2021
Etter at fotballgallaen i Oseana blei avlyst grunna korona, markerte dame- og herrelaget i helga fjorårssesongen med minigalla i klubbhuset. Her fekk spelarane som utpeika seg med positivt forteikn fortent anerkjenning for prestasjonane sine i 2021-sesongen!
Etter halvanna år utan breiddefotball grunna korona-pandemien, var det stor befrielse og glede både for spelarar, trenarar og supportarar når dame- og herrelaget endeleg fekk grønt lys og kunne gjennomføre halv sesong frå sommaren av. Og for eit fotballcomeback det blei!
Damelaget var suverene og rykka opp til 2.divisjon, medan også herrelaget viste gode takter. Når den planlagte feiringa av sesongen med fotballgalla i Osena blei avlyst grunna korona-restriksjoner, markerte dame- og herrelaget i helga 2021-sesongen i klubbhuset.
Årets spelarar
Årets spelar damelaget: Lenea Hjelle Fløysand
Damelaget imponerte alle i 2021, og ein av dei mest toneangivande spelarane var Lenea Hjelle Fløysand. I tillegg til eit klokt fotballhode, viste midtbanespelaren seg målfarleg med fleire viktige mål og var ein sterk bidragsyter til opprykket! Trenar Sandal forteller at Lenea til tider herja på banen med eit fantastisk driv med ballen og sin utruleg gode egenskap til å vende opp med motstander i rygg.
Årets spelar herrelaget: Torgeir Lunde
Kontinuitetsbærer og kaptein, Torgeir Lunde, var ein av herrelaget sine mest framtredande spelarar i 2021 med sin gode spelforståing, tryggleik med ballen og enorme løpskraft. Torgeir er utruleg allsidig og har bekledd fleire ulike posisjoner, som han har gjort med bravur. Han er stødig som eit fjell og leverer som regel alltid gode prestasjoner.
Årets mest fremgangsrike
Årets mest fremgangsrike damelaget: Gjertrud Toppe Håvardstun
Løpsmaskinen, Gjertrud Toppe Håvardstun, har vore overalt på damelaget sin midtbane i 2021! I tillegg til å vere ein briljant ballvinner, har midtbanemotoren vore flink å rettvende seg og sette fart framover i ledig rom.
Årets mest fremgangsrike herrelaget: Steffen Kvamsdal
Steffen Kvamsdal har med sin enorme løpskraft blitt ein sentral spelar på herrelaget sin midtbane. Han er ein signalspelar med stor aggressivitet i press-spelet, samtidig som han har utvikla det offensive spelet sitt med eit elegant driv med ball.
Årets toppskårarar
Årets toppskårer damelaget: Ingeborg Sundal Ljostveit
Ingeborg Sundal Ljostveit var med sin enorm gjennombrotskraft og skarpe avslutningsferdigheiter livsfarleg for eitkvart forsvar i opprykkssesongen, og noterte seg for 14 mål på 10 seriekampar. Me har stor tru på at den sterke, raske og målfarlege spissen held fram med det i 2.divisjon.
Årets toppskårer herrelaget: Roger Blokhus Ekeland
Roger Blokhus Ekeland held fram med å skåre mange mål for herrelaget, og blei for andre år på rad lagets toppskårer. Med stort rykk og gode bevegelser har spissen vore eit uromoment for motstanderane sine forsvar, komen seg til mange gode skåringsmoglegheiter og skåra 10 mål på 12 seriekampar.
Me gratulerer alle prisvinnarane, og ser fram til fleire gode prestasjoner i 2022!
Har du sikra deg sesongkort?
Sesongkortet for 2022 gjev gratis inngang på alle heimekampene til Os sitt herrelag og damelag, samt ei rekkje rabattordninger hos lokale aktører. Kortet koster 600,- kroner og kan kjøpes via Vipps og hos flere av aktørene der rabattene gjeld.
Sesongkortet vil gi rabatter hos følgende lokale aktører:
Monter: 30 % på håndverktøy
Sport Norge: 15% på ordinære varer
Peppes Pizza: 20% rabatt (Gjelder for inntil 5 personer i restaurant eller 4 pizzaer på utlevering. Gjelder ikkje for alkohol. eller allerede rabatterte produkter)
Os Auto: 25 % på EU-kontroll
Skaathun Bilverksted: 15% på servicedeler
Fargerike: 20 % på interiørmaling og solskjerming
Osbadet: Reduserte priser (idrettspris) mandag-fredag (gjelder ikkje i ferier)
Sesongkortet kan kjøpes på følgende måter
- Vipps 600 kr til Os Fotball 2020 og merk betalinga med "Sesongkort 2022"
- Kortet kan hentes i klubbhuset, samt Monter og Fargerike.
Velkommen til Kuventræ på kamp!