- Det umoglege kan bli mogleg!

Damelaget tapte knepent mot eit forsterka Åsane 2-lag på bortebane, og har alt å spele for i returoppgjeret på Kuventræ på søndag kl. 19.00!

(Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.)

Etter ein imponerande sesong sikra Os/Nore Neset avdelingssigeren for nokre veker sidan. Grunna 3.divisjon for kvinner i år er delt opp i to miniserier med 6 lag per avdeling, kunne ikkje damene juble for direkte opprykk, men må difor ut i playoff-kamper om opprykk til 2.divisjon. I fyrste ledd møter damene vinnarane frå den andre avdelingen i Hordaland; Åsane 2. 

Klarer vi å prestera det same på Kuventræ på søndag, så har vi sjanse til å vinna og gå vidare!

— Ørjan Sandal, hovudtrenar

Laga møtes over to oppgjer, før vinnerlaget møter vinnarane i Sogn og Fjordane og Rogaland til nye playoff-kamper, der to av tre lag rykkar opp til 2.divisjon. 

Søndag gjekk det fyrste oppgjøret mot Åsane 2 av stabelen når Os/Nore Neset tok turen til Åsane. Åsane, som også har eit A-lag i 1.divisjon, stilte med flust i spelarar med fyrstedivisjonserfaring til kampen mot våre damer. Trass dette leverte Os-damene ein imponerande bortekamp, og har alt å spele for i returoppgjeret på Kuventræ førstkommende søndag kl. 19.00! 

– Åsane 2 er eit sterkt lag, og er det klart beste laget vi har møtt. Klubben har ein stor og god stall, og av spelarane vi møtte i det fyrste møtet var det mange med erfaring frå 1. divisjon i år og fleire som har 15 kampar eller meir på nest øvste nivå. At vi i returoppgjeret på søndag faktisk har ein reell sjanse til å vinna, hadde vi ikkje trudd, seier trenar Ørjan Sandal.

- Det skal egentlig ikkje vere mogleg for oss å slå ut eit så godt lag som Åsane 2, men no har vi faktisk hamna i ein situasjon der vi kan klare det. Men då må vi spele ein fantastisk god kamp, og vi må få ein enorm støtte frå tribunen.

- Vi håper på ein storartet ramme omkring denne viktige kampen, avslutter Sandal.

Me gler oss til det spennande returoppgjeret på Kuventræ! Vel møtt til damekamp søndag kl. 19.00! 

imengine.public.prod.agp.infomaker.io.jpg
(Blir det meir å juble for på søndag? Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball)

 

Annonse: