EAT MOVE SLEEP-CUP AVLYST

Det er med tungt hjarte helgas EAT MOVE SLEEP-CUP må bli avlyst

Hei alle!

Det er med veldig tungt hjarta eg må melde ut at helgas Os Fotball Eat Move Sleep Cup blir avlyst. Me har heile vegen tenkt smittevern og sydd saman det som skulle bli ei fantastisk fotballhelg på Kuventræ, men i lys av dei siste dagers utvikling og dialog med kommuneleiinga har me blitt einige om å avlyse. Dette er klubbens beslutning og ikkje eit krav frå kommunen. Me har stor respekt for den smitteauka samfunnet vårt står i no.

Eg beklager på det sterkaste at me avlyser cupen på så kort varsel, men kan love at me kjem knallsterkt attende til neste år!

Dette er ein tung kveld for oss, for me skulle så gjerne sett mange glade born og vaksne her på Kuventræ i helga! Eg vil takke alle lag og klubber som har meldt seg på og for alle dei fine tilbakemeldingane me har fått! I tillegg vil eg takke den fantstiske arrangementskomiteen me har her i Os Fotball som har brukt dei siste dagane på å klargjere til cup og stått på uttalige dugnadstimer!

Eg vil melde ut tidlig neste veke korleis me gjer det med refundert cup-avgift. Alle skal få tilbake påmeldingsavgifta. Eg ynskjer alle ei fin helg og så vonar eg me sjåast på denne tida neste haust for då skal det ikkje sparast på noko og cup skal det bli!

Vennlig helsing

Endre Brenne

Os Fotball

ems-cup-banner_94x1050.png

 

Annonse: