ECIT malte kiosken på dugnad

ECIT sitt strålande team malte kiosken på dugnad - tusen hjertelig takk!

Måndag skifta samarbeidspartnaren vår, ECIT, ut arbeidsantrekk, tal, IT og rekneskap med malekost på Kuventræ. Den blide ECIT-gjengen var klare for teambuildingsdag; å male den nye kiosken vår! 

- At ECIT ynskja å gjennomføre ein teambuildingsdag med å hjelpa oss å male kiosken er berre heilt fantastisk! Gjengen har vore enormt driftige og resultatet er strålande, seier ein tydeleg takksam dagleg leiar Endre Brenne. 

- Og malingen er sponsa av Jernia! Me har verkeleg dei beste samarbeidspartnarane!

Det var ikkje berre dugnadsarbeidet som var strålande. Det oste positiv energi av gjengen i ECIT medan dei svingte malekosten. Dei fortel at dette var akkurat det dei kunne tenke seg.

- Det var ein utruleg kjekk dag! Vi vil forsterke kulturen vår med å auke meirverdi for dei rundt oss, og styrke relasjonen med samarbeidspartnarane våre. I den forbindelse var det "spot on" å gje Os Fotball ein hjelpende hånd! Sitatet "det koster så lite, men betyr så mykje" kom perfekt fram i denne samanhengen. Samtidig fekk vi ein innhaldsrik og gøy teamdag, der vi måtte samarbeide på eit ukjent område. Det kaller eg vinn vinn, seier Christine Frønsdal, dagleg leiar i ECIT. 

Frønsdal fortel vidare at ECIT gler seg kvar dag til å gå på jobb for å gjere det dei er best til; effektivisere og avlaste, slik at kundene (samarbeidspartnarar) kan gjere det dei er best til. ECIT er samtidig opptekne av å skape eit aktivt samarbeid, i stedet for "berre ein faktura-deling i ny og ned". Som ny dagleg leiar i rekneskapsbyrået var det også kjekt for Frønsdal å besøke og bli kjent med oss som samarbeidspartnar. 

Me er utruleg takksame for initiativet, og glade for å ha slike energiske og positive samarbeidspartnarar! Tusen takk for besøket og hjelpa! 

Annonse: