Endeleg kom sigeren i 2.divisjon

Damelaget kunne juble for årets fyrste siger etter å ha snudd kampen mot Stord på bortebane!

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.

Damene våre har hatt ein tøff start på tilværelsen i 2.divisjon, men vore nære poeng i fleire kampar. Laurdag kunne dei endeleg juble når dei snudde kampen frå 1-0 til 2-1 i løpet av de siste ti minutta. 

Stord, som i likhet med våre damer stod utan siger før oppgjeret, tok leiinga allereie etter 7.minutter. Dette stod seg heilt til det var knappe ti minutter igjen av ordinær tid. Målgarantist, Vy Mai Nguyen, sørga for balanse i rekneskapet med ein vakker prestasjon i det 81.minutt, før Malin Solstrand Ludvigsen blei matchvinner med sin 1-2 skåring nokre minutter seinere i det 85.minutt. Det resultatet stod seg kampen ut, og damene kunne endeleg sleppe jubelen laus for årets fyrste siger. 

Trenar Ørjan Sandal var godt nøgd med lagets prestasjon, og roser måten spelarane har takla den tøffe sesongstarten i 2.divisjon. 

- Damene spela bra, men hadde vanskar med å få hull på byllen. Det var difor utrulig kjekt når det lausna, og spelarane fekk ein god opplevelse med siger, seier Sandal før han skryt over samhaldet og lagmoralen. 

- Eg er imponert over korleis damene har takla motgangen så langt i år. Dei hatar framleis å tape, men dei tek vare på kvarandre, støttar kvarandre, er lojale og klarer å sjå forbi resultata. Dette året gjev enorm læring, og ein erfaring me kjem til å dra nytte av på sikt! 

Neste kamp for damene våre er laurdag kl. 14.00 mot Staal Jørpeland på Kuventræ. Kjem årets fyrste heimesiger då? Møt opp og støtt damene våre! 

Kampfakta: 

Stord - Os 1-2

Mål: 
  7´ 1-0 Tiril Berntsen Kvarven 
81´ 1-1 Vy Mai Nguyen
85´ 1-2 Malin Solstrand Ludvigsen

Startellever: 

Anne Nordvik - Henriette Veiteberg Wollan, Pernille Veiteberg Wollan, Mariell Sivertsen, Agathe Cöllestine Lekven - Gjertrud Toppe Håvardstun, Lenea Hjelle Fløysand - Vy Nguyen, Malin S. Ludvigsen, Andrine B. Kvittingen, Leah Hagevik Vedholm

Innbyttarar:
Amalie Lindborg Bøyum, Kine Ullensvang Moland, Tiril Søreide Solberg, Tina Skogedal. 

Annonse: