Før kampen: Brann 2 - Os

I kveld møter herrelaget Brann sine nest beste menn på Nymark!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden)

Kl. 18.00 går startsignalet mellom Brann 2 og Os på Nymark kunstgress 3. Herrelaget kjem frå to sigrar, og klatrar heilt opp i ryggen på Lyn med tre nye poeng. Brann 2 er derimot i poengnaud, og det er difor venta at vertene mønstrer eit sterkt lag bestående av mange a-spelarar til kveldens batalje. Deriblant to av våre eigne, Ole Martin Kolskogen og Elias Myrlid. Men våre menn er klare uansett namn på motstandarane. 

- Me skal gå offensivt til verks og by opp til dans, så får me sjå om me er gode nok til å dansa Brann av banen, seier ein offensiv hovudtrenar, Endre Brenne.

- Me skal gå offensivt til verks og by opp til dans, så får me sjå om me er gode nok til å dansa Brann av banen!

— Endre Brenne, hovudtrenar.

Også trenerkollega Torkel Hjertnes gler seg til kamp. 

- Me har hatt ein god treningsveke og gler oss til kamp! Eg trur det blir ein fin ramme med mykje folk, og ein gøy utfordring mot ein tøff motstand. Rett og slett ein kjempemoglegheit for spelarane våre til å vise seg fram! Det er to gode, spelande lag som møtes, og me skal gjere alt me kan for å få med oss tre poeng heim, seier spelande assistentrenar Torkel Hjertnes. 

Hjertnes er tilbake i troppen etter eit skadeavbrekk, men det blir derimot ikkje eit gjensyn med Brann for Zsolt Korcsmár. Midtstopperen står bokført med 79 kampar og 6 mål for klubben i perioden 2010-2013, men er ikkje tilgjengeleg til kveldens kamp grunna litt smårusk i maskineriet. 

Brann mobiliserer for fornya kontrakt i divisjonen

Brann ligger utsatt til før sesonginnspurten med 9 poeng på 10 kampar, og vil mobilisere før kveldens oppgjer mot våre menn. A-lagstroppen er så og seie skadefri og kjem garantert med fleire a-lagsspelarar. 

Det blir også truleg gjensyn med tidligare lagkamerater for osingane Ole Martin Kolskogen og Elias Myrlid. Kolskogen blei kåra til årets spelar av Brann-supporterne i fjorårssesongen, men vore litt inn og ut av a-laget i år. Myrlid har også gjort sine saker bra for raudtrøyene på Kniksen plass etter overgangen frå Os i 2020. I år har spissen notert seg for 14 mål på 8 kampar for Brann 2, og blitt belønna med proffkontrakt. Men Færøvik og resten av Os-mannskapet er klare for å hindre ytterligare nettkjenningar i dag! 

Me gler oss! Bli med til Nymark og støtt våre menn til årets fyrste bortesiger! Kampstart kl. 18.00! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Sandviken Sandviken 26 22 3 1 76 24 52 69
2 Bjarg Bjarg 26 22 2 2 86 27 59 68
3 Os Os 26 15 2 9 72 40 32 47
4 Askøy Askøy 26 13 8 5 58 42 16 47
5 Djerv 1919 Djerv 1919 26 14 3 9 64 50 14 45
6 Førde Førde 26 14 3 9 55 48 7 45
7 Fana Fana 26 13 4 9 62 49 13 43
8 Haugesund 2 Haugesund 2 26 8 5 13 51 53 -2 29
9 Loddefjord Loddefjord 26 7 7 12 55 69 -14 28
10 Stord Stord 26 8 4 14 59 74 -15 28
11 Åsane 2 Åsane 2 26 7 3 16 50 85 -35 24
12 Frøya Frøya 26 6 4 16 44 61 -17 22
13 Årdal Årdal 26 7 1 18 57 91 -34 22
14 Florø Florø 26 1 1 24 21 97 -76 4

 

Annonse: