Før kampen: Fyllingsdalen - Os
Etter to kampar utan siger, er herrelaget revansjesugne og klare for å kome tilbake på vinnersporet. Laurdag gjestar våre menn tabelltoer Fyllingsdalen på Varden Amfi!
Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball.
- Vi er ein revansjesugen gjeng som skal til Varden og hente tre poeng. Møt opp på Varden kl. 16.00, så får du sjå god fotball og kanskje eit skot i krysset!
— Kristian Halvorsen
Etter to heimesigrar og poeng mot Fana på bortebane, gjekk herrelaget på sitt fyrste tap mot Bjarg, før det det enda med poengdeling i lokalderbyet mot Lysekloster. Laurdag gjestar dei tabelltoer Fyllingsdalen på Varden Amfi, og i følgje midtbanegeneral, Kristian Halvorsen, er laget meget revansjelystne og klare for å kome tilbake på vinnersporet.
- Gler meg til ny kamp, mot eit godt, spelande lag. Eg trur det blir ein veldig artig kamp for publikum, med to lag som har ein klar og tydeleg ballbesittande spelestil! Vi er ein revansjesugen gjeng som skal til Varden og hente tre poeng. Møt opp på Varden kl. 16.00, så får du sjå god fotball og kanskje eit skot i krysset, seier ein offensiv Kristian Halvorsen.
Halvorsen har verkeleg levert i sin fyrste sesong i Os-drakta. Med sin fantastiske venstrefot har midtbanespelaren styrt Os-skuta og strødd pasningar til sine medspelarar. Kuventræ-publikummet veit å sette pris på gode prestasjoner, og Halvorsen har så langt blitt kåra til dagens Os-spelar i tre av fire kampar på Kuventræ.
Etter å ha skåra i tre av treningskampane, har den fyrste offisielle skåringen latt vente på seg så langt, sjølv om han har vore særs nære skåring ved fleire anledninger. Kanskje den kjem mot Fyllingsdalen på laurdag?
Tøff motstandar
Fyllingsdalen blei spådd som ein av opprykkskandidatane før sesongstart og har levert som venta etter fem kampar. Laget står bokført med 12 av 15 moglege poeng og har plassert seg som nummer to på tabellen, etter å ha slått Bjarg, Sandviken, Ready og Årdal. I førre kamp kom årets fyrste nederlag når Frigg slo laget 2-0 og dermed overtok tabelltoppen. Laget blir trena av dei tidligare Brann-profilane Roy Wassberg og Erik Huseklepp, der sistnemnde er spelande assistenttrenar, samt Sondre Flemming Jensen. Jensen har også ein fortid i Brann, og er son av Brann-legenden Roald "Kniksen" Jensen.
Våre menn har stått ganske bra til Fyllingsdalen dei siste åra. I 2019 blei det 3-3 på Kuventræ, medan det blei 0 - 2 siger på Varden etter skåringar av Sander Fagerbakke Kvittingen. Det er også det siste møtet mellom laga. Klarer våre menn gjenta den prestasjonen? Møt opp på Varden Amfi laurdag kl. 16.00 og hjelp herrelaget tilbake på vinnarsporet!
Norsk Tipping-ligaen avd. 1
Spilt S | Vunnet V | Uavgjort U | Tap T | + | - | +/- | Poeng P | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sandviken Sandviken | 26 | 22 | 3 | 1 | 76 | 24 | 52 | 69 |
2 | Bjarg Bjarg | 26 | 22 | 2 | 2 | 86 | 27 | 59 | 68 |
3 | Os Os | 26 | 15 | 2 | 9 | 72 | 40 | 32 | 47 |
4 | Askøy Askøy | 26 | 13 | 8 | 5 | 58 | 42 | 16 | 47 |
5 | Djerv 1919 Djerv 1919 | 26 | 14 | 3 | 9 | 64 | 50 | 14 | 45 |
6 | Førde Førde | 26 | 14 | 3 | 9 | 55 | 48 | 7 | 45 |
7 | Fana Fana | 26 | 13 | 4 | 9 | 62 | 49 | 13 | 43 |
8 | Haugesund 2 Haugesund 2 | 26 | 8 | 5 | 13 | 51 | 53 | -2 | 29 |
9 | Loddefjord Loddefjord | 26 | 7 | 7 | 12 | 55 | 69 | -14 | 28 |
10 | Stord Stord | 26 | 8 | 4 | 14 | 59 | 74 | -15 | 28 |
11 | Åsane 2 Åsane 2 | 26 | 7 | 3 | 16 | 50 | 85 | -35 | 24 |
12 | Frøya Frøya | 26 | 6 | 4 | 16 | 44 | 61 | -17 | 22 |
13 | Årdal Årdal | 26 | 7 | 1 | 18 | 57 | 91 | -34 | 22 |
14 | Florø Florø | 26 | 1 | 1 | 24 | 21 | 97 | -76 | 4 |