Før kampen: Lyn - Os
I morgon reiser herrelaget over fjellet for å møte Lyn.
Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotball.
Herrelaget har dei siste kampane møtt dei to øvste laga på tabellen - i morgon ventar ein ny tøff motstandar når den tidligare tippeligaklubben, Lyn, står på motsatt banehalvdel.
- Me gler oss til ein kjekk bortekamp i Oslo! Det er stor interesse rundt Lyn, og eg trur det blir ein artig kamp å spele. Me er sterke i trua på at me kan snu ein litt tung periode resultatmessig i morgon, seier hovudtrenar Endre Brenne.
Hovland er klar for spel etter langtidsskaden
Ein som er klar for kamp er Jonas Fagerbakke Hovland. Jonas fekk gjennombrotet sitt på A-laget i 2019-sesongen og var ein av lagets mest framtredende spelarar fyrste halvdel av sesongen, før han var uheldig å ryke korsbåndet i kneet. Det var utruleg synd då midtstopparen verkeleg viste stor utvikling på denne tida. Det har vore ein lang veg tilbake, med ulike andre skader på vegen, men no er den hurtige og ballsikre lysluggen endeleg tilbake. Han spela siste 30 minutta mot Frigg, og er no klar for bortetur og kamp mot Lyn.
- Det blir ein gøy kamp i Oslo, som eg trur vil få oss tilbake på vinnarsporet! Det blir veldig godt for min eigen del å vere med i troppen og hjelpe laget alt eg kan, seier midtstopparen.
Status på troppen
Troppen til herrelaget byrjar å bli fulltallige og både Jonas og Torkel Hjertnes er klare igjen etter eit skadeopphald. Zsolt Korcmár og Marius Haugland Mikkelsen er framleis skada, medan David Cardénas Trias og Rafael Villen ikkje er tilgjengelige til Lyn-kampen.
Toppskårar, Roger Blokhus Ekeland, har eit målsnitt på 1 mål per kamp; 7 mål på 7 kampar. Me kryssar fingrane for at det held fram og at Ekeland også putter mot Lyn.
Visste du at...
morgondagens motstandar er ein av landets eldste klubbar og har ein stolt historie med to seriemesterskap og åtte norgesmesterskap? Klubben gjekk konkurs i 2010, som førte til at laget gjekk frå spel i tippeligaen til 4.divisjon i 2011. Lyn begynte så å klatre i divisjonssystemet igjen, og spelte i Oddsenligaen (2.divisjon) i 2013. I 2015 rykka laget ned igjen til 3.divisjon, der den tidligare stormakten også befinn seg i dag.
Det er framleis stor interesse for Lyn som har klare ambisjonar om å ta steget tilbake til eliten, men foreløpig er det naboen Frigg som ligger best an til opprykk! Lyn kom skjevt ut frå start med tre uavgjorte kampar og eit tap, før laget har vunnet sine tre siste kampar mot Brann 2, Sogndal 2 og Fjøra.
Kampen sendes på Direktesport, ellers oppdateres medlemmer av målklubben fortløpande.
Og til alle osinger som er i Oslo-området, møt opp på Kringsjå kl. 14.00 og støtt herrelaget tilbake på vinnersporet og årets fyrste bortesiger! Heia Os!