Før kampen mot Fana
Herrelaget sesongstarta førre helg med ein sterk siger med 10 mann mot Ready. Laurdag står naboen vår, Fana IL Fotball, på motsatt banehalvdel.
(Bilete: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)
Os reiser på laurdag til Varden Amfi for å møte Fana IL Fotball til 2. serierunde i Norsk Tipping-ligaen. Der Os fekk ein god start på sesongen med 3 poeng mot Ready, fekk Fana-laget det tøft mot Frigg i Oslo. Fana-laget ynskjer å slå tilbake etter 6-1 tapet førre helg, medan Os ser moglegheiter for ein kjempestart på sesongen, og attpåtil revansjere tapa i dei siste møta mellom laga. Det ligg dermed an til å bli ein tøff og spennande batalje når kampen blir blåsa i gang kl. 15.00 laurdag.
Møter barndomsklubben
Morgondagens kamp mot Fana er også ekstra spesiell for Sander Lønne Dyngeland og Carl William Lafquist-Lygre. Me har teke ein prat med forsvarsspelarane om korleis det blir å møte moderklubben.
- Det er fyrst og fremst litt spesielt. Eg har eit godt forhold til klubben og det blir kjekt å møte dei, seier Sander Lønne Dyngeland.
Carl William Lafquist-Lygre enig, men er klar på at følelsene er lagt til sides når fløyta går.
- Det å møte barndomsklubben blir selvsagt spesielt, men samtidig er de følelsene vekke kl. 15.00 på Varden. Det finnes ingen kampar for meg i år som er viktigere å vinne enn denne!
Dyngeland kom til Os frå Fana i 2020, medan Lafquist-Lygre som var i utviklingsavdelinga til Brann, signerte like før sesongstart. Dei fortel begge om ein fin mottaking i Os.
- Det har vore veldig kjekt å kome til Os, og eg har blitt teke veldig godt i mot! Mange fine folk, og eit godt trenerteam - god match, rett og slett, seier midtstopper Lafquist-Lygre.
- Me er ein samansveisa gjeng her i Os og eg har absolutt funnet meg godt til rette, legger Dyngeland til.
Kampen i morgon er for begge den fyrste offisielle seniorkampen mot moderklubben.
- Eg tenker det blir ein åpen kamp, Fana er revansjelystne etter fyrste serierunde - og me skal bygge videre på en flott lagseier mot Ready førre helg, seier Dyngeland.
- Kampen blir ein spennende affære, eg tror den blir jamn. Me skal ta med oss mykje fra førre helg, for viser vi samme lagmoral, kan det bli veldig kjekt på laurdag! Me skal ut å angripe, og spele vårt spel. Eg garanterer at det blir mål i denne kampen, avslutter Lafquist-Lygre.
Visste du...
at den fyrste kampen i klubbens historie blei spela mot Fana i 1921? Osingane vann den kampen 6-1. Sidan den gang har det blitt mange møter mellom laga. Begge klubbar har sirkulert opp og ned i divisjonssystemet, men møttes igjen når laga spela i 3.divisjon i 2019. Den sesongen var det Fana som trakk dei lengste stråa. Ørjan Hålands menn gjekk sigrande ut av alle tre oppgjera den sesongen (NM, heime og borte i serien). Etter at 2020-sesongen blei avlyst kan osingene i år slå tilbake.
I tillegg til Dyngeland og Lafquist-Lygre har også Thomas Stene Spilde og Tobias Blindheim Nøss spela for Fana tidligare. Hos Fana er osingane Ørjan Håland og Øystein Takle Eide. Ørjan Håland, som har vore spelar og trenar i Os tidligare, er no hovudtrenar i Fana. Han har nyleg henta sin tidligare elev, Øystein Takle Eide, frå Os til dei raude og kvite.
Lang skadeliste
Rune Åsheim Mo er suspendert, medan Zsolt Korcmár, Rafael Villen, Marius Mikkelsen, Niklas Lunde Fosen, Lars Hadler-Olsen og Jonas Fagerbakke Hovland er utilgjengelige til kampen. Roger Blokhus Ekeland er i tillegg usikker.
Me håper mange tek turen og støtter våre menn i jakten på nye poeng. Vel møtt til herrelagskamp mot Fana på Varden Amfi kl. 15.00 laurdag!
Har du ikkje anledning til å kome, bli medlem av målklubben og få scoringsvarsel frå kampen på sms. Bli medlem her: Målklubben
Heia Os!