Før kampen mot Fyllingsdalen

I morgon gjester herrelaget Fyllingsdalen på Varden Amfi!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Etter ein sesongstart med tre sigrar; mot Sund og Lysekloster i NM-kvalikk og Frøya i seriestarten, er det ein offensiv gjeng som er klar for bortekamp mot Fyllingsdalen i morgon kl. 19.00.

- Det blir ein tøff kamp på ein stor bane på Varden, men eg trur det er veldig gode moglegheiter. Me kjem til å "gønne" på for 3 poeng, seier midtstopper Jonas Fagerbakke Hovland som lover ein ny dans ved siger. 

Jonas har vore ein av lagets mest framtredende spelarar i sesongstarten; han sendte oss til NM som matchvinner i lokalderbyet mot Lysekloster, før han leverte ein ny solid prestasjon og blei kåra til dagens beste osing av ein lokal jury mot Frøya. Me kan trygt seie at det flyter godt for midtstopparen om dagen. 

- For meg har den siste veka vore heilt perfekt! Det er ikkje så ofte eg skårar mål, så at det kom i den kampen (Lysekloster) var heilt fantastisk. Eg håper jo ikkje det er det siste målet eg skårar heller. Så var det utruleg deilig å starte med tre poeng mot Frøya!

22-åringen fekk ein alvorleg kneskade i 2019, samtidig som han har hatt fleire følgeskader på vegen tilbake på banen. Den talentfulle osingen har kjempa seg tilbake og er no er sterkare enn nokon gang! Det lover godt! 

1648926008156.jpg
Det flyter godt for Jonas Hovland om dagen. Foto: Marit Hommedal, BA.

Fyllingsdalen

Onsdagens motstandar kjem frå tap mot Grorud sine reserver i Oslo, og er nok lystne på å slå tilbake i deira fyrste kamp på Varden Amfi. Våre menn tapte knepent 2-1 mot Fyllingsdalen i fjor, men Fyllingsdalen har før årets sesong mista fleire sentrale brikker, som blant anna Erik Huseklepp (assisttrenar Brann) og Simen Hopsdal (Bjarg). Samtidig har fjorårets hovudtrenar Roy Wassberg blitt del av Brann sin utviklingsavdeling. 

Tom Mangersnes, som har lang trenarerfaring frå toppfotballen, har teke over som hovudtrenar, og har blant anna henta fjorårets Os-spelar Carl William Lafquist-Lygre før årets sesong. 

Me håper vår 12-mann stiller sterkt på tribunen som alltid, og ynskjer våre menn lukke til!

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Sandviken Sandviken 26 22 3 1 76 24 52 69
2 Bjarg Bjarg 26 22 2 2 86 27 59 68
3 Os Os 26 15 2 9 72 40 32 47
4 Askøy Askøy 26 13 8 5 58 42 16 47
5 Djerv 1919 Djerv 1919 26 14 3 9 64 50 14 45
6 Førde Førde 26 14 3 9 55 48 7 45
7 Fana Fana 26 13 4 9 62 49 13 43
8 Haugesund 2 Haugesund 2 26 8 5 13 51 53 -2 29
9 Loddefjord Loddefjord 26 7 7 12 55 69 -14 28
10 Stord Stord 26 8 4 14 59 74 -15 28
11 Åsane 2 Åsane 2 26 7 3 16 50 85 -35 24
12 Frøya Frøya 26 6 4 16 44 61 -17 22
13 Årdal Årdal 26 7 1 18 57 91 -34 22
14 Florø Florø 26 1 1 24 21 97 -76 4

Annonse: