Før kampen: Os - Årdal

Laurdag kl. 16.00 tek herrelaget i mot Årdal på Kuventræ! Klarer våre menn å følgje opp sigeren sist med ein ny trepoenger?

(Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball)

 
Det var stor lettelse og glede når herrelaget endeleg trakk det lengste strået igjen i heimesigeren mot Stord førre helg. Laurdag er det duka for ny kamp i vår eigen leikestove når Årdal kjem på besøk. 

- Ny heimekamp som me gler oss til! Me har vore solide på Kuventræ i år og vonar det fortsetter i dag. Årdal kjem frå ein fin siger mot Lysekloster sist og er eit lag som kjemper for livet, så det blir ein tøff kamp mot eit Årdal-lag med mykje fysikk. Kampen er òg viktig for vår del, då me med seier kan sjå opp og fram dei siste serierundane. Me har ein nær skadefri tropp og god konkurranse om dagen så det lover godt for ein fin avslutning på sesongen, seier trenar Endre Brenne. 

Toppskårar Roger Blokhus Ekeland har vist gode takter i årets sesong, og notert seg for 8 nettkjenningar. Det antallet har han tenkt å auke i morgon! 

- Eg trur det blir ein tøff kamp, men vi sikrar tre poeng ved hjelp av to mål frå underteikna, seier toppskårar Roger Blokhus Ekeland. 

Korcsmár og Mikkelsen tilbake - Hjertnes ute med strekk

Som Brenne er inne på har herrelaget nær skadefri tropp til innspurten av sesongen. Til helgas kampar er Zsolt Korcsmár og Marius Mikkelsen tilbake frå langtidsskadar og tilgjengelige til kamp. Torkel Hjertnes, som nyleg kom tilbake frå strekkskade, pådro seg ein ny strekk førre helg og er utilgjengelig til helga. Også Rafael Villen er utilgjengelig. 

Robuste motstandarar

Årdal står med 8 poeng etter ni seriekampar og kjempar med nebb og klør for fornya kontrakt i 3.divisjon. Årdal rykka opp til 3.divisjon i 2019 og har på ingen måte blitt ein kasteball i ny divisjon. Det har dei vist ved fleire anledningar og teke poeng mot to av laga som blei spådd som opprykkskandidatar før sesongen. Førre helg kjempa sogningane til seg tre poeng mot Lysekloster på eige gras, og har tidligare spela uavgjort mot Lyn på bortebane. 

Me gler oss til ny heimekamp og håpar å sjå deg på tribunen! Velkommen til herrekamp på Kuventræ! 

Inngang: 
Vaksen 80 kr (16 år+)
Born og unge under 16 år: Gratis 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Haugesund 2 Haugesund 2 3 1 1 1 3 3 0 4
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
12 Frøya Frøya 3 0 0 3 2 8 -6 0
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: