Før kampen: Os - Frigg

Herrelaget tek i mot serieleiar Frigg på Kuventræ!

Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball

Laurdag kl. 14:30 er det duka for ny heimekamp for herrelaget når Frigg gjestar Kuventræ. Frigg er ubeiseira så langt og ligger på tabelltopp med 16 poeng etter 6 serierunder. Den utfordringa er våre menn klare for! 

- Me gler oss veldig til å få besøk av serieleiar Frigg, og måle krefter mot dei. Siste heimekamp mot Lysekloster var eit fyrverkeri av ein match, så lista ligg høgt når det kjem til underhaldning. Det vil vere to spelande lag på Kuventræ i morgon, som begge er oppteken av eit godt og tålmodig pasningsspel. Det laget med mest kvalitet og høgast energi vinn denne, og så skal me gjere alt me kan for at det blir oss, seier trenar Endre Brenne. 

Herrelaget står med to sigrar og ein uavgjort så langt på Kuventræ. Allsidige Torgeir Lunde har som vanleg vist solid spel og bidrege til det. Morgondagens kaptein er offensiv før møtet med serieleiarane! 

- Kampen mot Frigg gjev oss ein god moglegheit til å slå sterkt tilbake etter dei siste kampane. Vi blir det første laget som slår Frigg i år, seier kaptein Torgeir Lunde. 

"Det er alltid moro å gå på fotballkamp når Os er det eine laget på banen", skreiv ei avis på 70-talet. Desse orda meinar me passar like godt i dag, og med det håper me mange tek turen for å støtte laget tilbake på vinnersporet. Velkommen på kamp! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

 

Annonse: