Før kampen: Os - Øygarden

Herrelaget tek i mot Øygarden til 1.runde i NM!

(Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball).

Søndag 25.juli kl. 18.00 er det endeleg duka for seniorkamp på Kuventræ - herrelaget tek i mot 2.divisjonslaget Øygarden til 1. runde i NM. 

- Me gler oss enormt til å endeleg få spele tellande kamp igjen! Oppkøyringa har vore god med fin progresjon i treningskampane og karane har verkeleg stått på i lang tid. Øygarden er eit godt 2.divisjonslag så dette blir ei hard nøtt, men me er god i trua på at me skal gje dei ein god fight om videre avansement! Cup er cup og NM er noko spesielt, så det er berre å glede seg til kamp på Kuventræ!

— Endre Brenne, hovudtrenar

Herrelaget er på gang - god utvikling i treningskampane

Herrelaget har sidan klarsignalet frå myndighetene førebudd seg til sesongen med treningskampar mot Gneist, Fana, Sandviken og Bjarg. Laget har vist god utvikling, og tidvis gode takter og underhaldande angrepsfotball, som gjev grunn til optimisme.

Øygarden, tidligare Nest-Sotra, er inne i ein periode med tette kampar, og ligg etter dagens 1-0 siger mot Odd 2 midt på tabellen i 2.divisjon. På Tommy Knarvik sitt lag finner me tidligare Os-spelar Knut Spangelo Haga, som er tilbake til Kuventræ for fyrste gang på motstanderlaget som senior. 

Os møtte Nest-Sotra i 1.runde i NM også i 2017. Den gang hang Os lenge med, men det enda med 1-4 til strilane frå Sotra. Me satser på me held følgje heilt inn denne gang, og skaper ny cupthriller på Kuventræ! 

Resultat og målskårarar i treningskampane:

Os - Gneist: 3-0 (Niklas Lunde Fosen, Kristian Halvorsen og Leif Simen Mjånes)
Os - Fana: 1-2 (Kristian Halvorsen)
Sandviken - Os: 3-2 (Thomas Spilde og Kristian Halvorsen)
Bjarg - Os: 1-2 (Roger Ekeland og Kristian Halvorsen) 

Gode nykommarar

Herrelaget har fått inn fleire nye spelarar sidan førre seriekamp i 2019.

Kristian Halvorsen (´98) frå Ålesund kom i fjor sommar frå Herd, men måtte vente eit år før han fekk sin debut i Os-drakt. Midtbaneeleganten har ein venstrefot av ypperste kvalitet, som allereie har smelt inn fire mål på fire treningskamper i juni/juli. 

Zsolt Korcmár (´89) er kjent for dei fleste. Den tidligare fotballproffen har flust i landskamper for Ungarn, og spela for blant andre Brann og danske Midtjylland, der han også vant serie- og cupgull. Midtstopperen tilfører enorm kunnskap, ferdigheter og erfaring til laget. Han er ikkje tilgjengeleg til kampen mot Øygarden, men me håper han snart er tilbake på banen. 

Niklas Lunde Fosen (´00) er osing og gått gradene i ungdomsavdelingen i klubben. Etter eit opphald i millitæret er den driblesterke angriperen tilbake og vore eit friskt pust for A-laget. Niklas har stort potensiale som han har vist glimt av i treningskampane, blant anna med eit nydelig åpningsmål mot Gneist. 

Thomas Spilde (´96) er ein lynrask og målfarleg angriper som kom frå Sund i fjor vinter. Angriperen har enorm energi i spelet sitt, og kan skape trøbbel for alle forsvar i avdelingen. 

Sverre Spangelo Haga (´04) har gått gradene i Nore Neset før han meldte overgang til Os og juniorlaget i vinter. Etter gode hospitanttreninger med A-laget, blei 17-åringen teken opp i A-stallen i juni. Sverre har stor fart og er uredd i spelet sitt. Mot Øygarden møter han storebror Knut, som spela for A-laget tidligare. 

Lars Hadler-Olsen (´00) kjem også frå Nore Neset, før han meldte overgang frå Lysekloster til Os i fjor vinter. Lars er ein duellsterk midtstopper med sterk fysikk, som kun de færreste på laget holder følge med på utholdenhetstrening. Midtstopperen er for øyeblikket skadet og ikkje tilgjengelig mot Øygarden. 

David Cardenas (´85) kjem frå spansk fotball med ein fortid i blant andre Atletico Madrid. Den spanske midtstopperen flytta med familien til Bergen i fjor sommer, og meldte overgang til Os Fotball frå AE Prat i juli ´20. David tilfører laget stor rutine og er som andre spanjoler rolig og god med ball. 

Willian Lygre (´02) kjem frå Fana og har som junior spela for både Brann og Lillestrøm. William er ein kompromissløs og duellsterk midtstopper. 

Spelartropp herrelaget

Ut: Mats Cato Moldskred (lagt opp), Alexander Dale (Austevoll), Vegard Skeie (Brann) Øystein Takle Eide (Fana), Chris Sunde Midtun (Flint Tønsberg), Elias Myrlid (Brann), Harry James Moore (pause frå fotball), Frode Storebø (Austevoll), Espen Haraldseid, Andreas Støle Hansen (Vard Haugesund), Fabian Bødtker (Tertnes), Anders Fossen Lunde (keepertrener), Stian Lønne Dyngeland (jobb). 

Marius Haugland Mikkelsen, Jonas Fagerbakke Hovland, Zsolt Korcsmár og Lars Hadler-Olsen er ikkje tilgjengelig til kampen.

Kampbilletter

Inngang vaksen: 80,- (frå 16 år)

Under 16 år: Gratis

Publikum som allereie har kjøp kampbilletter kan gå til inngangen merka "forhåndsbestilte billetter". Møt opp i god tid for å unngå kø. 

Me gler oss til kamp, og håper mange vil kome å heie oss fram.

Vel møtt, og HEIA OS! 

Os - Øygarden 1. runde NM

IMG_6537.JPG
Kristian Halvorsen har vore god og skåra i alle treningskampane, me håper det fortsetter mot Øygarden (Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball).

 

Annonse: