Før kampen: Os - Sandviken

I morgon tek herrelaget i mot Sandviken til sesongens siste heimekamp!

(Foto: Hordalandsfotball)

Herrelaget har vore solide på heimebane i årets sesong med fire sigrar, ein uavgjort og kun tap mot serieleiarane Frigg. I morgon er det duka for sesongens siste heimekamp når Sandviken kjem på besøk til Kuventræ. 

- Siste heimekamp står for tur og me har ein klar målsetting om å avslutte sesongen på ein god måte. Sadviken ligg like bak oss på tabellen og er eit bra lag, så det blir ein tøff match. Me har spela god fotball den siste tida, og heime på Kuventræ er me gode, så 3 poeng er det einaste som gjeld, seier hovudtrenar Endre Brenne.  

Herrelaget måtte Sandviken i treningskampar både på Stemmemyren og Kuventræ før seriestart. I dei oppgjera tok laga kvart sitt stikk, begge vann på eige kunstgras, henholdvis 3-2 til Sandviken på Stemmemyren og 4-2 til Os på Kuventræ. Felles for begge kampane var at midtbanegeneral Kristian Hjelvik Halvorsen noterte seg på skåringsblokka. Halvorsen trives med andre ord mot raudtrøyene. Kanskje han smeller inn eit nytt mål mot Sandviken i morgon? Hovudpersonen sjølv er i alle fall klar for sesongens siste heimekamp! 

- Eg trur det blir ein tøff kamp der vi ønskjer å styre kampen med ball, mot eit Sandviken-lag som kjem til å krige kampen gjennom for å unngå å hamne i ein nydrykkskamp i siste serierunde, uttaler Halvorsen. 

Sandviken tok tre viktige poeng mot Fjøra i førre kamp, som dermed løfta laget over Fjøra og nedrykksstreken. Men som Halvorsen nemner har Sandviken framleis kniven på strupen, så det blir nok ein tøff batalje om poenga. 

Mot Sandviken blir det gjensyn med dei tidligare Os-spelarane, Sebastian Tune Skåre og Thomas Hille.

Frå Os si side er Zsolt Korcsmár, Niklas Lunde Fosen, Sander Fagerbakke Kvittingen og Thomas Stene Spilde ute med skader, medan fleire spelarar er litt småsjuke. Os kan likevel mønstre eit sterkt lag til sesongens siste heimekamp, og Brenne nyttar anledningen til å takke alle Os-patrioter for strålande støtte i årets sesong! 

- Takk til alle som har støtta oss i år, og hjulpet oss både på heime- og bortebane! Det er eit stort engasjement for klubben, og det likar me, avslutter Endre Brenne!

Vel møtt til herrelaget sin siste heimekamp for sesongen. Det er gratis inngang, varme vafler og kaffi i kiosken og sannsynligvis topp underhaldning på bana! Velkommen! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 2 2 0 0 9 0 9 6
2 Sandviken Sandviken 2 2 0 0 7 2 5 6
3 Åsane 2 Åsane 2 2 1 1 0 8 1 7 4
4 Førde Førde 2 1 1 0 4 3 1 4
5 Haugesund 2 Haugesund 2 2 1 1 0 2 1 1 4
6 Fana Fana 2 1 0 1 5 3 2 3
7 Bjarg Bjarg 2 1 0 1 4 4 0 3
8 Djerv 1919 Djerv 1919 2 1 0 1 3 6 -3 3
8 Loddefjord Loddefjord 2 1 0 1 3 6 -3 3
10 Askøy Askøy 2 0 2 0 1 1 0 2
11 Stord Stord 2 0 1 1 2 4 -2 1
12 Frøya Frøya 2 0 0 2 1 5 -4 0
13 Årdal Årdal 2 0 0 2 3 8 -5 0
14 Florø Florø 2 0 0 2 0 8 -8 0

 

Annonse: