Foto: Trond Gausemel, Hordalandsfotball

Før kampen: Os - Stord

I morgon er det duka for naboduell når Stord tek turen over Bjørnafjorden for å møte herrelaget.

Førre helg fekk herrelaget eit oppløftende bortepoeng mot Lyn, og har fulgt opp med ei god treningsveke. Våre menn vil tilbake på vinnersporet når Stord gjestar Kuventræ i morgon kl. 14.00.

- Eg trur det blir ein tøff kamp mot eit bra Stord-lag. Vi er veldig revansjelystne etter nokre kampar uten siger. Ved å spele vårt spel meiner eg vi har veldig gode moglegheiter til å vinne, seier Steffen Kvamsdal. Trenar Endre Brenne trur det blir ein kamp med mykje fart og spenning.

- Vi gler oss til ny heimekamp mot Stord, som alltid blir underhaldande kampar. Vi kjem frå ein positiv oppleving borte mot Lyn førre helg der vi tok eit sterkt poeng, og har bygd på det gode vi gjorde der i veka som har vore. Dette blir garantert ein kjekk kamp å sjå med mykje fart og spenning, uttaler trenar Endre Brenne. 

Stord kjem frå tap mot Fyllingsdalen og Frigg i dei siste kampane, og ligger plassert like over Os på tabellen. Med siger passerer våre menn naboane på andre sida av fjorden. 

Slik har det vore i mange år, Os og Stord har kniva i same sjiktet av tabellen. Ved fleire anledningar har laga slåss om opprykk til 2.divisjon, samt spela mot kvarandre på nivået høgare, men dei siste åra har laga kjempa mot kvarandre på nedre halvdel i 3.divisjon.

Os og Stord spela mot kvarandre i 2.divisjon i 2010, der forøvrig dagens spelande assistenttrenar, Torkel Hjertnes, spela og Os vann begge oppgjera. Den same sesongen måtte begge lag ta den tunge vegen ned til 3.divisjon. Os har sidan ikkje makta å ta steget tilbake til nivå 3, medan Stord seinast spela i 2.divisjon i 2016.

I 2019 var sist laga møttes. Då var det stordingane som tok siste stikk med 1-0 siger på Kuventræ, og 1-1 på Vikhaugane. I 2017 rant måla inn og Os vant 6-3 heime og 2-5 på bortebane. I 2017 spela dagens Os-toppskårar, Roger Blokhus Ekeland, for Stord og skåra i begge oppgjera mot våre gulkledde menn. Også Rune Johan Åsheim Mo har ein fortid hos dei kvitkledde stordingane. 

Dette blir spennande, og ein kamp du ikkje vil gå glipp av! Med siger kobler herrelaget seg på laga på øvre halvdel, og treng då di støtte! Til morgondagens kamp får i tillegg alle born som ser kamp gratis is! Vel møtt til herrekamp kl. 14.00! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

Annonse: