I 2017 blei det målfest på Kuventræ! Os kunne juble for 4-3 siger etter fire skåringar av Christoffer Hafsås (Foto: Hordalandsfotball).

Før lokalderbyet: Os - Lysekloster

Heilt sidan det fyrste møte i 2013, har lokalderbya mot Lysekloster skapt enormt engasjement og sterke følelser i bygda! Det har gjeve fantastiske folkefester og uforgløymelege augeblikk - i morgon er "slaget om bygda" endeleg tilbake!

Derbya har alltid gjeve mykje dramatikk, tøffe tak, mange mål og fantastiske folkefester. Hovudtrenar Endre Brenne gler seg stort til nytt derby, og håper på folkefest og nye uforgløymelege augeblikk!

- Me er klare for lokalderby og årets kjekkaste kamp! Me har starta med to heimesigrar og har klar målsetting om å fortsette på den stien i morgon. Velkomen på kamp!

— Endre Brenne, hovudtrenar

- Me er klare for lokalderby og årets kjekkaste kamp! Me er revansjelystne etter kampen mot Bjarg, der me følte me kunne gjort det betre, og er veldig trigga på å vise oss frå vår beste side framfor eit fullsatt Kuventræ! Me har lagt bak oss ei god treningsveke og er godt førebudd til kampen. Me har starta med to heimesigrar og har klar målsetting om å fortsette på den stien i morgon. Velkomen på kamp, seier hovudtrenar Endre Brenne. 

Som lokal gut veit også sisteskansen vår, Kasper Sandven Færøvik, kva denne kampen betyr for folk i bygda.

- Kampen mot Lysekloster blir spennende og tøff! Både Os og Lysekloster gjekk på tap i førre runde, så det er to revansjelystne lag som entrer Kuventræ. Begge lag vil vise kven som er best i bygda, seier Kasper Sandven Færøvik. 

Historiske fakta

Lokalderbyane mot Lysekloster byr historisk sett på sterke følelser, mykje dramatikk, tøffe tak og mange mål! Det fyrste møtet kom i 2013, og 1200-1300 osinger fekk sjå at Os vant 3-0 i den historiske kampen. I returoppgjeret blei det 2-2 i Lysefjorden.

Året etter møttes laga både i NM og serien. Os vann 3-1 i NM på Kuventræ, før begge oppgjera i serien enda med poengdeling, 3-3 og 2-2.

I 2015 spela laga i ulike 3.divisjonsavdelingar, før laga på ny barka saman i NM i 2016. Etter nok eit drama stod det 2-2 etter full tid, før Lysekloster vann 2-4 etter ekstraomganger.

I 2017 vann begge lag på heimebane, der det blei ein forrykande målfest på Kuventræ med 4-3 siger til våre menn! 

2019 er førre gang laga barka saman, og den gang gjekk det ikkje fullt så bra for vår del, da Lysekloster vann begge oppgjera. 

Kan herrene våre slå tilbake i det ellevte derbyet? Då treng dei hjelp frå deg! Møt opp på Kuventræ, la våre fremste menn høyre støtta og hjelp laget til å vinne slaget om bygda!

Velkommen til derby! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 1

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 3 3 0 0 13 1 12 9
2 Sandviken Sandviken 3 3 0 0 9 3 6 9
3 Førde Førde 3 2 1 0 7 4 3 7
4 Fana Fana 3 2 0 1 7 4 3 6
5 Bjarg Bjarg 3 2 0 1 9 7 2 6
6 Djerv 1919 Djerv 1919 3 2 0 1 5 6 -1 6
7 Askøy Askøy 3 1 2 0 6 1 5 5
8 Åsane 2 Åsane 2 3 1 1 1 9 5 4 4
9 Frøya Frøya 3 1 0 2 5 7 -2 3
10 Loddefjord Loddefjord 3 1 0 2 4 8 -4 3
11 Haugesund 2 Haugesund 2 3 0 1 2 2 6 -4 1
12 Stord Stord 3 0 1 2 2 9 -7 1
13 Årdal Årdal 3 0 0 3 6 13 -7 0
14 Florø Florø 3 0 0 3 0 10 -10 0

 

 

Annonse: